Foto av straumlinjer som går over ein overskya himmel i blåtimen. Vi ser masta til venstre i biletet og så går linjene oppover mot høgre.
Foto av straumlinjer som går over ein overskya himmel i blåtimen. Vi ser masta til venstre i biletet og så går linjene oppover mot høgre.

Foto: Julie °_°/www.flickr.com

20 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 20,1 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Selskapet Tibber AS frå Førde er blant aktørane som får millionstøtte.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) vedtok 24. januar å løyve 20,1 millionar kroner til forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Seks større forskingsprosjekt

Tildelinga omfattar 15,9 millionar i støtte til gjennomføring av seks større forskingsprosjekt, og kvalifiseringsstøtte på 4,2 millionar til vidareutvikling av ni spennande prosjekt som er i startfasen.

– Prosjekta som får støtte i denne tildelingsrunden, får alle god vurdering frå ekspertpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd. Dei har klar regional forankring og tek utgangspunkt i regionale fortrinn og problemstillingar. Prosjekta har difor potensial til å gi positive bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Eg meiner dette viser at dei regionale forskingsfonda har blitt ein viktig del av forskingsinfrastrukturen i Noreg, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Energieffektivisering med kunstig intelligens

Tibber AS frå Førde får inntil tre millionar kroner til å utvikle eit digitalt verktøy som kan gjere det lettare å treffe målretta tiltak for energieffektivisering og lågare straumforbruk i norske heimar.

Innan 2020 vil alle nordiske hushald ha installert smarte straummålarar som måler straumforbruket per time. Tibber vil undersøke om ein kan bruke data frå desse målarane i utviklinga av ein såkalla sjølvlærande algoritme – ein app eller eit dataprogram – som kan analysere straumforbruket og identifisere gode tiltak for energieffektivisering tilpassa forbruksmønsteret i kvar enkelt husstand.

Tanken er at ein slik algoritme kan inngå i ei digital rådgivingsteneste for energieffektivisering der ein automatisk får svar på kva tiltak som er mest effektive for kvar enkelt bustad og kva innsparingspotensial ulike tiltak inneber.

Kan bidra til store innsparingar

Ifølgje Tibber vil digital distribusjon kunne gjere energirådgiving allment tilgjengeleg i ein heilt ny skala og til ein brøkdel av prisen for manuell rådgiving.

– Straumforbruket i private heimar utgjer om lag ein tredel av det samla straumforbruket i Noreg, og tidlegare undersøkingar viser at ein vanleg norsk heim brukar opp mot dobbelt så mykje straum som ein energieffektiv bustad. Innovasjonar som kan gjere det lettare for folk flest å ta i bruke smarte løysingar, kan med andre ord bidra til store innsparingar, både for den enkelte og for samfunnet som heilskap. Dette prosjektet er dessutan spennande fordi ein kan bygge vidare på eit allereie sterkt kompetansemiljø i Sogn og Fjordane når det gjeld utvikling av programvare og analysereiskapar for straummarknaden, seier Tengesdal.

Ni får kvalifiseringsstøtte

Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet. Dette er midlar som skal bidra til at flest mogleg aktørar kan utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte – enten frå RFF Vestlandet eller frå andre finansieringskjelder.

– Interessa for kvalifiseringsstøtte er stor og aukande blant både bedrifter og kommunar på Vestlandet. Ordninga svarar tydelegvis på eit reelt behov for å få tid og moglegheit til å omsette gode idear til konkrete forskingsproblemstillingar. Eg ser fram til at dei som no har fått kvalifiseringsstøtte, kjem attende seinare med gode søknader om midlar til meir omfattande forsking. Det vil vere heilt i tråd med vårt ønskje om at fleire skal ta i bruk forskingsdriven innovasjon i verksemdene sine, seier Tengesdal.

Nye utlysingar

RFF Vestlandet har lyst ut nye midlar til regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor og regionale bedriftsprosjekt med frist 15. februar.

Fondet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte, og nye søknader mottekne innan 18. april 2017 vert behandla i slutten av mai 2017.

 

Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Fondet gir økonomisk støtte til forsking som utnyttar vestnorske fortrinn og løyser viktige utfordringar for landsdelen. RFF Vestlandet er ei felles ordning for fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. Dei tematiske prioriteringane er vedtekne av fylkestinga i fondsregionen. I denne tildelingsrunden har fondet lyst ut midlar til regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor og til regionale bedriftsprosjekt retta mot eit av følgjande to tema: 1) Nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringar; 2) Berekraftig matproduksjon og bioøkonomi. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med over 250 millionar kroner. Fondet vil ha fleire utlysingar av forskingsmidlar i år.

Ny kunnskap driv Vestlandet framover!

Meir på heimesida til RFF Vestlandet.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00