195.000 kr til "Trygge eldre" i 8 kommunar!

Kommuane Eid, Luster, Årdal, Balestrand, Høyanger, Førde, Gloppen og Stryn gjer eit viktig arbeid å betre tryggleiken til dei eldste innbyggjarane sine. Dette har dei i 3 år fått økonomisk støtte til frå fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding".

"Trygge eldre" er eit nasjonalt prosjekt der målsettinga er å førebygge fallskader og hofteleddsbrot for dei over 65 år. Som deltakar i den nasjonale styringsgruppa for prosjektet har folkehelsa i Sogn og Fjordane har vore aktiv i oppstart og gjennomføring, og har sett av midlar over folkehelsebudsjettet i eige fylke for å stimulere kommunane som deltek i partnarskap for folkehelse til å starte eit heilskapleg fallførebyggande arbeid ved å delta i "Trygge eldre". 8 kommunar deltek frå Sogn og Fjordane, saman med 8 kommunar frå andre fylke.

I kommunane vert det jobba for å integrere tryggleiksarbeidet i fleire sektorar i kommunen. Det vert også iverksett mange typar tiltak som konkret er retta mot dei eldre, både dei som bur heime og dei som bur på institusjon. Det lokale arbeidet vert i stor grad gjennomført som eit samarbeid mellom kommunen og frivillige organisasjonar, der spesielt eldreråda og pensjonsitlaga er sentrale. Fylkeseldrerådet har også engasjert seg i prosjektet, og har sett det på dagsorden i sine fora.

Døme på tiltak er utarbeiding av brosjyre med tryggleikstips og opplysningar om kvar ein skal vende seg når ulykker skjer og kvar tryggleiksprodukt er å få kjøpt, heimebesøk med sjekk av bustaden og utdeling av tryggeliksprodukt, fysisk aktivitet for å styrke muskulatur og balanse, kosthald og ernæring, fysiske utbetringar og mykje, mykje meir.

Liste over tildelte midlar PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker