150-årsjubileum for Leikanger som sete for fylkesmannsembetet

Det er viktig å gå til kjeldene, og kommunale arkiv kan gje svar på så mangt. Fylkesarkivet har denne veka funne ut at det i år er 150 år sidan fylkesmannsembetet vart flytta frå Lærdal til Leikanger.

Det heile starta med at tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, Hermund Kleppa, stilte spørsmålet Når kom fylkesmannen til Leikanger på Facebook. Han tok deretter turen til lesesalen på Fylkesarkivet, og der fann han svaret: 1862 – for 150 år sidan. På denne tida var fylkeskommunen og Fylkesmannen ei eining, som gjekk under namnet Nordre Bergenhus Amt.

Uvisse om årstal
Bakgrunnen for spørsmålet til Kleppa var at det har herska uvisse om når amtmann/fylkesmann John Collett Falsen flytta embetet frå Lærdal til Leikanger. Fylkesleksikonet til NRK opererer med både 1863 og 1864. Historikar Johs B. Thue held seg til 1863.

Kleppa hadde også førespurnad til Statsarkivet i Bergen, som ikkje var sikre, men meinte at amtmann Falsen flytta fylkesmannsembetet til Leikanger i siste halvdel av 1862.

Fann svaret i formannskapsarkiva
Spørsmålet var no om kommunearkivavdelinga til Fylkesarkivet kunne kome eit steg nærare. Dei gjekk til det korrespondansen i formannskapsarkiva og leitte seg gjennom eit knippe kommunar.

Svaret fanst i Lærdal kommune. Eit brev stempla Leganger 08.12.1862 vart sendt frå amtmannen i Nordre Bergenhus Amt til Lærdal kommune, som mottok brevet 15.12. Poststempla viser at brevet gjekk frå Leikanger, via Bergen og deretter til Lærdal. Når eksakt flyttedato var, veit vi framleis ikkje, men året 1862 står fast. Kleppa var nøgd, og Fylkesarkivet likeeins.

Del dette:

Relaterte lenker