145 millionar ekstra etter ekstremvêret Dagmar

Regjeringa gjev 145 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar til kommunar og fylkeskommunar råka av ekstremvêret Dagmar. Sogn og Fjordane fylkeskommune har allereie dokumentert skader på eige vegnett på meir enn 90 mill. kr etter uvêret i romjula 2011.

Mange fylkesvegar måtte stengast på grunn av skognedfall, ras og flaum etter uvêret «Dagmar» 25. desember 2011. Stormen med påfølgjande mildver og store nedbørsmengder gjorde stor skade på fylkesvegnettet.

Som vegeigar har Sogn og Fjordane fylkeskommune allereie søkt om kompensasjon for å dekke dei uventa kostnadane etter uvêret. Kostnadane er rekna til 52 mill. kroner knytt til skader på fylkesvegnettet. I tillegg kjem kostnadane for oppbygging av fv. 664 Grodås-Otterdal, som er rekna til 39mill. kr.

Regjeringa set no av 145 millionar kroner ekstra i skjønsmidlar i revidert nasjonalbudsjett for 2012 til dekking av utgifter etter det uventa uvéret. Dette er ein delvis kompensasjon frå kommunal- og regionaldepartementet til kommunar og fylkeskommunar for dei ekstraordinære utgiftene etter naturskader. Det er sett av 80 millionar kroner til utbetring av riksvegane etter «Dagmar» i revidert nasjonalbudsjett. 27 mill. kr av desse går til Sogn og Fjordane.

– Ikkje berre Sogn og Fjordane, men også nabofylka våre vart påført store skader i uvêret. 145 mill. kr er veldig lite sett i lys av dei skadane Sogn og Fjordane fylkeskommune er påført aleine. Med denne summen til grunn, er det lite sannsynleg at vi får dei midlane me har søkt om som kompensasjon, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

– Eg vil følgje dette nærare opp mot aktuelle departement, og vil arbeide for ei betre løysing på sikt.

Kommunar kan søkje Fylkesmannen om skjønnsmidlar, medan fylkeskommunane kan sende søknad direkte til Kommunal- og regionaldepartementet.

Revidert nasjonalbudsjett 2012

Del dette:

Relaterte lenker