Foto av Rune Nedregaard i Statoil. Han held innlegg på petroleumskonferansen Vekst i Vest i Florø i november 2017. Bak han ser vi ein presentasjon der det står Snorre Expansion Projekt.
Foto av Rune Nedregaard i Statoil. Han held innlegg på petroleumskonferansen Vekst i Vest i Florø i november 2017. Bak han ser vi ein presentasjon der det står Snorre Expansion Projekt.

Rune Nedregaard i Statoil.

140 deltok på årets Vekst i Vest

Petroleumskonferansen Vekst i Vest samla 16. november 2017 om lag 140 deltakarar på Flora samfunnshus.

Programmet omfatta fleire aktuelle utbyggingsprosjekt i den nordlege Nordsjøen utanfor Sogn og Fjordane. Vekst i Vest har utvikla seg til å bli ein viktig nettverksarena for dei som ønskjer å oppdatere seg på kva som skjer i petroleumsbransjen.

Viktig å syne att på land

Fylkesordførar Jenny Følling deltok på konferansen. Ho la i innlegget sitt vekt på at fylkeskommunen heiar på næringa, men at det er forventningar til aktivitet, og at det å syne att på land er viktig for støtte hjå folket.

Ho viste vidare til at Sogn og Fjordane har tilgang på areal, erfaring og gode og kreative leverandørar. Kort avstand til felta er på si side viktig for gode løysingar vurdert opp mot både økonomi, miljø og tryggleik.

Aktuelle prosjekt

Fleire selskap orienterte om planane sine utanfor kysten av Sogn og Fjordane:

  • Gitt endeleg investeringsavgjerd, vil plan for utbygging og drift (PUD) av Snorre Expansion Project (SEP) bli levert før jul.
  • Wintershall vil som operatør for Skarfjell truleg levere PUD i februar 2018.
  • Engie vil utvikle det svært oppløftande Carafunnet på Gjøafeltet og ser føre seg at funnet kan kome i drift alt i 2020.

Også Shell ser positivt på å utvide driftstida for Knarr, men viser samstundes til at det er viktig å få fram tilleggsressursar gjennom eigne funn eller samarbeid med tredjepart (der Garantianafunnet til Total er særleg aktuelt) i løpet av dei næraste åra.

Fylkeskommunen har gitt fråsegn til konskvensutgreiing og -program for SEP, Skarfjell og Garantiana

Presentasjonar frå konferansen

Lista med presentasjonar vert oppdatert etter kvart som vi får tilsendt presentasjonane.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00