11 millionar kroner til kommunale næringsfond

Midlane til kommunale næringsfond er svært viktige for å auke handlingsrommet til kommunane når dei skal støtte etablerarar og lokalt næringsliv.

Kommunane er fyrste kontaktpunkt for dei som skal starte eiga bedrift i Sogn og Fjordane.

Hovudutval for plan og næring gav i møte 25. mars desse kommunane tilskot til kommunale næringsfond:

tilskot frå komm.næringsfond, mars 2015.png

Førde, Gaular, Naustdal, Jølster, Selje, Vågsøy, Eid og Gulen har fått eit ekstra tilskot på 100 000 koner kvar fordi dei har felles fyrstelineteneste med andre kommunar.

Kommunane Selje, Vågsøy og Eid har òg fått eit ekstra tilskot på 33 300 kroner kvar fordi dei har felles næringsfond.

Det vart sett av 300 000 kroner, som seinare kan nyttast til stimuleringstilskot til HAFS-kommunane i samband med etablering av HAFS utvikling. Hovudutvalet for plan og næring tildeler desse midlane i eiga sak hausten 2015.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00