Portrett av Sølve Dag Sondbø og Ida-Beate Mølmesdal som står og smiler inne i ein møtesal.
Portrett av Sølve Dag Sondbø og Ida-Beate Mølmesdal som står og smiler inne i ein møtesal.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Vestland kan bli verdas fremste region på nullutslepptransport

Det var den tydelege bodskapen frå klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune, Sølve Dag Sondbø, under den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal 25. april.

Sondbø underbygde påstanden sin ved å vise til dei mange føresetnadene i det nye storfylket:

– Ein firedel av all norsk fornybar energi blir produsert i Vestland, det klart største energifylket i landet. Vi har verdas beste bedrifter på miljøteknologi i skipsfart, verdas høgaste konsentrasjon av elektriske skip, og eit flypassnett som er skreddarsydd for dei første elektriske ruteflya. Hordaland har den største delen elbilar i verda, og Bergen har dobla delen kollektivreiser på ti år, sa Sondbø, og konkluderte:

– Fossilfri transport gir mindre klimagassutslepp, nye arbeidsplassar og betre luft og helse. Moglegheitene er der, viss me berre grip dei an.

Vi har tre valperiodar på oss

Konferansen, som i år hadde temaet «Klimaomstillingsval», er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I år var også Hordaland fylkeskommune med, som ein prøvestein på samarbeidet i nye Vestland fylkeskommnue.

– FNs klimapanel har gitt oss omtrent 12 år på å unngå dei verste klimautfordringane. Det betyr at me har tre kommunestyreperiodar på oss. Haustens val er det første av dei tre vala som står att, sa konferansier klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ida-Beate Mølmesdal, ved opninga av konferansen torsdag.

Avslutta med politisk debatt

Etter tre dagar med faglege innlegg, ekskursjonar og diskusjonar, vart konferansen avslutta torsdag med ein stor paneldebatt. Kandidatar for dei ni største partia som kjempar om plassane i Vestland fylkesting ved valet i haust vart utfordra på kva dei vil gjere for å få ned klimagassutsleppa.

Debatten vart leia av BT-kommentator Frøy Gudbrandsen, som «grilla» politikarane med spørsmål som var samla inn frå Barnas klimapanel og Natur og Ungdom i fylket.

Valkampdebatt under klimaomstillingskonferansen i Sogndal i april 2019, ni politikarar står på rekkje i ein stor møtesal
Frå venstre: Debattleiar Frøy Gudbrandsen (BT), Noralv Distad (H), Jon Askeland (Sp), Trude Brosvik (KrF), Natalia Golis (MDG), Terje Søviknes (Frp), Gunhild Berge Stang (V), Åsmund Berthelsen (SV), Torbjørn Vereide (Ap), Einar Rysjedal (R).

Samarbeid for å nå felles mål

– FN sitt berekraftsmål nr 17 handlar om å samarbeide for å nå måla, og det er det vi driv med her. Eg håpar verkeleg me kan halde fram med å arrangere denne konferansen når vi blir Vestland fylkeskommune. Det er ein viktig arena for å møtast og diskutere løysingar, sa Mølmesdal i si oppsummering ved avsluttinga av konferansen.

Ho konkluderte med å sitere ein elev frå Firda vidaregåande skule som heldt innlegg under ein av parallellsesjonane på konferansen onsdagen:

– Målet vårt må vere at livet skal bli ein klimameisterskap. Vi må heile tida tenkje på korleis vi kan bli meir og meir klimavenlege.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut