Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Hilde Bjørkum tek i mot fylkeskulturprisen 2015 frå leiar av hovudutval for kultur og næring Karen Marie Hjelmeseter (t.h.) og fylkesordførar Jenny Følling (t.v.). Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune
– Skapar møteplassar
Hilde Bjørkum fekk tysdag utdelt fylkeskulturprisen og mange gode ord for å ha bygd opp «den tydelegaste kulturelle merkevaren i Sogn og Fjordane».
Fylkeskulturprisen 2015 vart utdelt på fylkestinget 8. desember, og festivalsjef Hilde Bjørkum heidra for hennar arbeid med Førde internasjonale folkemusikkfestival. Prisen vart overrekt av fylkesordførar Jenny Følling.
Global og lokal
– Hilde Bjørkum har heile tida satsa på kvalitet, sa leiar av hovudutval for kultur og næring Karen Marie Hjelmeseter i si tale til prisvinnaren.
Hjelmesetar rosa Bjørkum for at ein på Førdefestivalen finn både verdas beste og unge og lovande utøvarar frå fylket på dei mange festivalscenene. Slik har ein løfta fram og utvikla nye stjerner.
Festivalen har sidan starten i 1989 etablert seg blant toppen av verdsmusikkfestivalane i Europa.
– Det er Hilde å takke for at så skjer, sa Hjelmeseter.
Aktuell
Spesielt aktuelt i desse dagar er festivalen si evne til å gi oss forståing for likskaper og ulikskaper mellom land og kulturar.
– Festivalen er meir aktuell enn nokon sinne, fordi den skaper møteplassar gjennom musikk og dans.
Mange verv
Bjørkum har nasjonale og internasjonale verv innan musikk og festival-feltet, og er president for European Forum of Worldwide Music Festivals. I tillegg er ho framleis aktiv i folkemusikkmiljøet i fylket.
– Eg er stolt og rørt. Det har vore ei lang reise over 25 år, sa Bjørkum då ho mottok prisen.
Juryen gjer ho og Førdefestivalen ekstra skryt for å setje Sogn og Fjordane på kartet nasjonalt og internasjonalt. Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kroner.
Kontaktperson:
Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941