– Inspirerande

Torsdag var det siste dagen for Sogn og Fjordane fylkeskommune på fellesstand på oljemessa, ONS 2014.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har brukt dei siste dagane på oljemessa i Stavanger, ONS 2014. På messa, som hadde rekordbesøk i år, brukte fylkesordføraren tida på å besøke bedriftene på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fellesstand, og på møter med bedrifter med interesser i fylket.

– Eg prata mykje med dei som representerte bedriftene i fylket. Dei fortalte meg at dei hadde hatt godt med besøk, og var veldig nøgde med oppslutninga, seier Kjelsnes.

– Lovar godt for framtida

Men det var ikkje berre talet på besøkande Kjelsnes tykte var interessant.

– Det er viktige og spanande ting som desse bedriftene jobbar med, og det lovar godt for framtida. Eg har lært mykje dei siste dagane og har blitt veldig inspirert, seier ho.

Bedriftene var òg nøgde.

– Dei eg prata med verka godt nøgde med initiativet som fylkeskommunen har tatt ved å lage ein fellesstand, samt at vi har ein breidde i satsinga vår, seier fylkesordføraren.

Oljeselskap

Kjelsnes brukte noko av tida på ONS 2014 på å møte bedrifter med interesser i Sogn og Fjordane. Blant dei var det store oljeselskap som allereie har aktivitet i fylket, samt selskap som kan vere interesserte i å etablere seg i Sogn og Fjordane.

– Det kan absolutt vere aktuelt for dei med aktivitet i fylket. Det er vi veldig glade for, og vil legge til rette for det, avsluttar Kjelsnes.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut