– I denne fotokonkurransen er det eit utal av moglege løysingar

Vi har tatt ein prat med Leif Hauge, som er ein av jurymedlemmane i fotokonkurransen til Lokale kulturminneplanar og Sogn og Fjordane 250 år. Han er levande oppteken av kulturminne og fotografi, og meiner Sogn og Fjordane kryr av spennande fotomotiv.

Leif Hauge - kven er du?

– Eg kjem frå Lærdal og arbeider som førsteamanuensis på Høgskulen i Sogn og Fjordane med mellom anna kulturlandskap og kulturminne som arbeidsfelt. I tillegg har eg arbeidd mykje med kunstfotografi opp gjennom åra og er medlem av Norske Biletkunstnarar. Som kunstnar har eg hatt fleire separatutstillingar med kunstfotografi og delteke på ei rad kollektivutstillingar. På høgskulen er eg oppteken av å formidle faget mitt og brukar fotografi mykje for å dokumentere verdiane i det heilt spesielle kulturmiljøet i fylket vårt. Såleis har eg på ein måte både ein fagleg og fotografisk forankring til dette fagfeltet.

Kvifor blei du med i juryen til denne fotokonkurransen?

– Fordi eg er oppteken av dokumentasjon og har lyst til å bidra til ei auka merksemd kring kulturminna våre. Omgivelsane våre endrar seg stadig og mykje av det me tek for gitt i nærmiljøet kan raskt bli borte. Faktisk tykkjer eg det burde vore gjennomført fleire konkrete dokumentasjonsprosjekt der ein systematisk avfotograferer stort og smått i nærmiljøa våre, slike arkiv hadde vore ein kjemperessurs for framtida!

Kva håpar du denne konkurransen kan bidra til?

– At folk flest får augene opp for den store variasjonen av kulturminne me har i fylket. Alt frå spora etter dei fyrste som levde her med helleristingar, gravminne og andre faste kulturminne frå før 1537, heilt fram til nyare tids kulturminne. Summen av alle desse kulturminna er viktige for dei forsterkar identiteten til oss som bur i Sogn og Fjordane.

Vil du delta i fotokonkurransen? Send ditt bidrag til fotokonkurranse@sfj.no. Kulturminne i Sogn og Fjordane er temaet for konkurransen.

Syntes du kulturminna får nok merksemd?

– Det blir kanskje mest fokus på dei kjende kulturminna som gravminne, stavkyrkjer, og bygningsmasse. Gjennom arbeidet mitt har eg sett ekstra stor pris på dei «biologiske kulturminna», kulturminne som er forma gjennom langvarig samspel med naturen, til dømes urterike slåttemarker og styvingstre.

Kva fekk deg til å interessere deg for kulturminne?

– Det var nok vindauga mot fortida, det å kunne førestille seg korleis det har vore å leve gjennom ulike periodar opp gjennom historia vår. Eg har teke bilete frå konfirmasjonsalderen der eg har vore oppteken av samspelet mellom natur og kultur. Korleis menneska har klart seg i desse omgivelsane og med dei ressursane som var tilgjengelege. Det finst eit utal av spennande fotomotiv i Sogn og Fjordane som viser denne samanhengen.

Er det typar kulturminne du brenner ekstra mykje for?

– Kanskje ein jurymedlem ikkje skal seie kva som er favorittmotiva. Men eg tykkjer me skal vere stolte av våre lokale kulturminne sjølv om dei ikkje alltid er så storslåtte samanlikna med dei ein kanskje finn i andre landsdelar eller utlandet.

Kan du peke ut det du meiner er spesielt for Sogn og Fjordane i høve kulturminne?

– Som sagt har me ein kulturhistorie som avspeglar naturtilhøva i fylket. Her måtte ein tilpasse seg naturressursane frå kyst til fjord, dal og fjell for å overleve. Og spora etter denne næringsaktiviteten er mange og karakteristiske.

Noko du vil formidle til deltakarane?

– I denne fotokonkurransen er det eit utal av moglege løysingar, både når det gjeld innhald og uttrykk. Kulturminneomgrepet er vidt! Bileta kan vere dokumentariske med laus eller fast komposisjon, stemningsfulle, fargerike, grafiske, formidle aktivitetar, nysgjerrigheit osv. Det viktigaste er at biletet kommuniserer eit bodskap og/eller ei oppleving til sjåaren!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00