Foto av ordførar i Luster, Ivar Kvalen og ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb ved Meridianstøtta i Hammerfest. Dei står framfor støtta, som er ein jordklode plassert oppå ein høg sokkel.

Ivar Kvalen og Hans-Erik Ringkjøb ved Meridianstøtta i Hammerfest. Dei to deltok på verdsarvforum som representantar for kvart sitt verdsarvområde i Sogn og Fjordane. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Verdsarvforum 2017

Norges verdensarv arrangerte årets verdsarvforum i Hammerfest 12.–14. juni. Der deltok representantar frå begge verdsarvområda i Sogn og Fjordane.

Årets konferanse hadde to hovudtema:

  • Verdsarvkonvensjonen og våre eineståande verdiar
  • Samhandling om verdsarven – stat, fylke og kommune

Frå verdsarvområda i Sogn og Fjordane deltok leiar for verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Hans-Erik Ringkjøb og vara for leiar i verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område, Ivar Kvalen. Dei to er ordførarar i høvesvis Voss og Luster kommune.

Årleg møteplass

Verdsarvforum er den årlege møteplassen for dei som arbeider med verdsarven i Noreg. Her møtest dei ulike verdsarvstadane, lag og organisasjonar, verdsarvkoordinatorane, kommunane, fylkeskommunane og Riksantikvaren. Målet er å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle tema for verdsarven.

Konferansen i Hammerfest trekte opp linjene om verdsarvarbeidet i Noreg, og korleis det har endra seg frå byrjinga med dei første innskrivingane i 1979 til korleis ein arbeider i dag. Dagens arbeid med verdsarven legg vesentleg vekt på nærmiljøet, lokal involvering og bevaring av heilskapen rundt verdsarven.

Avhengig av god dialog

Samhandling mellom dei ulike forvaltningsnivåa og verdsarvstadane var eit anna viktig tema på konferansen. Det er mange ulike faktorar som påverkar verdsarvstadane våre. For å ha ein beste praksis for ivaretakinga av verdsarvområda, er det difor særs viktig å ha god dialog mellom dei ulike forvaltningsnivåa.

Gode møteplassar der ein kan samsnakkast er eit viktig tiltak for å kunne ta vare på verdsarvverdiane på best mogleg måte.

Formidling er viktig

Formidlinga av verdsarvverdiane og forståing av tanken bak verdsarvlista er eit tema som alle verdsarvstadane arbeider med. Verdsarvstadane våre er attraktive reisemål for mange turistar og stadane er svært opptekne av å leggje til rette slik at dei besøkande får informasjon om verdsarven og kva verdiar han representerer.

Formidling av verdsarven til born og unge lokalt på verdsarvstadane er eit anna tema som vert prioritert av verdsarvkoordinatorane.

Struves meridianbue

Årets verdsarvforum var lagt til Hammerfest der endepunktet for Struves meridianbue ligg. Punktet er markert med Meredianstøtta, som står på staden der dei tok astronomiske observasjonar i 1850.

Meredianbuen var opphavleg ei rekkje med målepunkt som strekkjer seg gjennom ti land, og det er 2280 km mellom det nordlegaste punktet på Fuglenes i Hammerfest og det sørlegaste punktet i Staro-Nekrassowka i Ukraina. Oppmålinga vart gjort i tidsrommet 1816 til 1852 og var den første nøyaktige oppmålinga av ein lang meridian som gjorde det mogleg å berekne storleiken og formen til jorda. Punkta som vart etablerte i denne oppmålinga, gav grunnlag for kartlegging i mange tiår. Endepunkta til Meredianbogen er markerte med eit monument.

Meir informasjon om Struves meridianbue på struve.no.

Norges verdensarv

Organisasjonen Norges verdensarv feirar i år tiårsjubileum. Målet til organisasjonen er å ta vare på og fremje dei felles interessene til dei norske verdsarvstadane og verdsarvområda. Han skal også bidra til bevaring og utvikling i samsvar med UNESCO sin verdsarvkonvensjon og beste praksis.

Organisasjonen består av alle dei sju verdsarvstadane og dei fire norske punkta på Struves meridianbue, som er skrivne inn på verdsarvlista UNESCO si verdsarvliste. Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein av medlemmene i Norges verdensarv.

Meir informasjon om Norges verdensarv på nettstaden til organisasjonen.

Verdsarvstadar i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har to stadar på verdsarvlista, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden.

Les meir om verdsarven i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00