Foto frå fylkesve 700 gjennom Sandane sentrum

Foto: Jan-Tore Egge

Stor interesse for midlar til tettstadutforming

Det har kome inn 14 søknader om tettstadmidlar for 2018. Total søknadssum er om lag 13,8 mill. kr. Fylkeskommunen har 2,6 mill. kr i budsjett til denne tilskotsordninga i årets budsjett.

– Det er svært positivt med så god respons på denne ordninga, seier plansjef Synnøve Stalheim.

– Dette tyder på at stadutvikling og attraktivitet er prioriterte oppgåver for desse kommunane, ei oppgåve fylkeskommunen ønskjer å støtta opp om gjennom ordninga om tettstadmidlar.

På grunn av den store søknadsmassen, vil plansjefen bruke ein del tid på vurdering og avklaringar med einskilde kommunar. Det vert ei endeleg avklaring på fordeling av midlane i første halvdel av november.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven