Bilete av kulturminne i Sogn og Fjordane

Foto: Magne Hamre

Søk kulturmidlar, folkehelsemidlar og tilskot til kulturbygg

Tida er inne for å søkje dei fylkeskommunale kulturmidlane, kunstnarstipend og folkehelsemidlane. Vi lyser samstundes ut midlane i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg.

Kulturmidlar

Kulturmidlane vert gitt til prosjekt og tiltak som har kultur som hovudføremål. Ordninga er todelt, og du kan søkje om

  • Tilskot til drift
  • Tilskot til prosjekt og tiltak

Meir om tilskotsordninga kulturmidlar her.

Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Kunstnarstipend

Fylkeskommunen har to stipendordningar for kunstnarar:

  1. stipend for unge kunstnarar i etableringsfasen
  2. arbeidsstipend for kunstnarar

Meir om ordningane og korleis du søkjer her.

Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Folkehelsemidlar

Folkehelsemidlane vert gitt til prosjekt og tiltak av allmenn interesse innan levekår- og livskvalitetsområdet. Målet er å fremje eit aktivt og allsidig livskvalitetsarbeid i heile fylket.

Meir om tilskotsordninga folkehelsemidlane her.

Søknadsfristen er 1. mars 2018.

Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

Desse midlane skal nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg i Sogn og Fjordane, men ikkje til vedlikehald og drift av bygg.

Søknadar skal sendast via kommunen bygget ligg i, og du må ta kontakt med kommunen om kva som er den lokale søknadsfristen. Kommunane har frist til 30. april for å sende søknadane vidare til fylkeskommunen.

Meir om den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven