Foto av eit fiskeoppdrettsanlegg, sett litt frå avstand.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Siste rest av nye lakseløyve lagt ut for sal

Ein liten restkapasitet frå auksjonen av produksjonsauke i oppdrettsnæringa før sommaren er no lagt ut for sal. Det er ikkje opna for tildeling av nye løyve i Sogn og Fjordane.

Auksjonen som no skal gjennomførast, er ein lukka bodrunde. Det er Fiskeridirekoratet som er ansvarleg for gjennomføring av auksjonen. Fristen for å gi bod er sett til 17. september 2018.

Registreringa og bodgivinga opna torsdag 6. september kl 08:00. Ein kan registrere seg og legge inn bod fram til måndag 17. september 2018 kl 23:59.

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette 30. august 2018 ei forskrift for sal av restkapasitet frå auksjonen 18. til 20. juni i år. Forskrifta er førebels berre tilgjengeleg på departementet sine nettsider. Du finn forskrifta her.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven