SFFI

Innkjøpstenesta administrerer og drifter samarbeidsordninga Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI).

SFFI tilbyr medlemskap til alle offentlege organ i fylket som etter nærare avtale med innkjøpstenesta kan knyte seg til ordninga. SFFI skaffar samarbeidspartane felles rammeavtalar og bidreg med råd og kompetanse ved einskildkjøp og konkurranseutsetting. SFFI forvaltar om lag 70 avtalar til ein årleg verdi av 400 millionar kroner.

Følgjande er med

  • Askvoll kommune
  • Aurland kommune
  • Balestrand kommune 
  • Bremanger kommune 
  • Eid kommune 
  • Fjaler kommune 
  • Flora kommune
  • Førde kommune 
  • Gaular kommune
  • Gloppen kommune 
  • Gulen kommune 
  • Hyllestad kommune 
  • Høyanger kommune 
  • Jølster kommune
  • Leikanger kommune 
  • Luster kommune 
  • Lærdal kommune 
  • Naustdal kommune
  • Selje kommune 
  • Sogndal kommune 
  • Solund kommune
  • Stryn kommune
  • Vik kommune 
  • Vågsøy kommune 
  • Årdal kommune
     
  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane 
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Sogn Og Fjordane Energi AS

Det er skrive samarbeidsavtale med medlemene. Kvar kommune og kvart offentleg organ betaler eit fast beløp kvart år for å nytte tenestene til SFFI, avhengig av storleik.

Innkjøpstenesta syter for å tilretteleggje og ferdigstille innkjøpsavtalar på vegne av medlemene. Samarbeidet medfører at partane kan gjennomføre meir rasjonelle innkjøpsprosessar og få større innkjøpsvolum og dermed betre prisar. Val av leverandør skjer i samarbeid mellom innkjøpstenesta og brukarutval. Brukarutval består av tre tli sju personar frå SFFI.

Avtalane vert distribuerte ut til brukarane via elektronisk innkjøpshandbok. Medlemene i SFFI kan vere med på dei anboda/avtalane SFFI utarbeider. Stadfesting om dei er med eller ikkje må meldast før anbodet vert utlyst. Avtalane er bindande for dei som er med på anbodet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Katrine Rokke Wilson
innkjøpssjef
katrine.rokke.wilson@sfj.no
917 69 150

Oddrun Røysum
Innkjøpskonsulent
oddrun.roysum@sfj.no
57 63 81 26

John Arne Lund Eliassen
Innkjøpsrådgjevar
john.arne.lund.eliassen@sfj.no
57 63 80 86

Frank Have Olesen
Prosjektleiar
frank.have.olesen@sfj.no
900 85 509

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven