Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Felles utlysing av midlar til prosjektretta tiltak og korte kurs

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 1,120 mill. kr. frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) til rekruttering og kompetanseheving i landbruket i 2018. Midlane skal fordelast på korte kurs og langsiktige prosjekt.

Det overordna målet for ordninga er å bidra til rekruttering og kompetanseheving for næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt.

Prioriterte område for støtte er:

  • tiltak som bidrar til å styrkje rekruttering i landbruks- og gartnarutdanninga og til høgare utdanning i landbruksfag
  • tilskot til kompetansehevande tiltak og støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for næringsutøvarar i landbruket

Tilskot skal sjåast i samanheng med andre ordningar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det er viktig å tilby regionale etter- og vidareutdanningstilbod som gjev kunnskap næringsutøvarane har særskilt behov for i den einskilde produksjonen.

Prioriterte tiltak:

  • Medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå ved å gi auka kunnskap om landbruket og karrieremulegheiter innan landbruks- og matfag til rådgivarar, lærarar, foreldre og elevar i grunnskulen.
  • Legge til rette for nettverksbyggande aktivitet.
  • Fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket.
  • Legge til rette for auka kunnskap om og synleggjering av bygdenæringar som ein mogleg måte å utvikle verksemda på.
  • Tiltak som byggjer opp omdømet til landbruksnæringa.
  • Kurs som næringsutøvarane har særskilt trong for.

Mentorordningar i landbruket er også viktige rekrutteringstiltak. Sogn og Fjordane er eitt av fire pilotfylke i ei nasjonal mentorordning administrert av Norsk Landbruksrådgjeving. Det er sett av 4 mill. kr til ordninga gjennom jordbruksavtalen. Støtte til mentorordning vil såleis ikkje bli prioritert av midlane som denne planen omfatta.

Krav til søknad

Søknader må vere i samsvar med Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2018, vedteken i Hovudutval for næring og kultur 20. mars 2018. Vidare må søknader innehalde målgruppe, mål om tal kursdeltakarar, kursplan og finansieringsmåte. Planlagd eigendel for deltakarane, eller i prosjektet må komme fram.

Vi oppmodar om at fleire tilbydarar samarbeider om søknaden der det er naturleg.

Søknader skal sendast inn via regionalforvaltning.no. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.

Søknadsfrist er 27. april 2018.

 

For spørsmål, kontakt:

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Tlf: 906 16 843
e-post: kristin.arnestad@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Kristin.Arnestad@sfj.no
90616843

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven