Foto som syner ei gravemaskin som er i ferd med å rydda plass til ein tursti i skogen.

Trivselsskogen på Sandane er blant prosjekta det er søkt spelemidlar til. Foto: Knut Roger Nesdal/Gloppen kommune.

Rekordstor søknadssum

Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane viser stort engasjement for å etablere og rehabilitere anlegg for fysisk aktivitet. Kommunar, lag og organisasjonar søker om meir spelemidlar enn nokon gong. Fylkeskommunen har no gått gjennom søknadane før dei blir sende vidare til Kulturdepartementet.

– Visjonen for arbeidet med fysisk aktivitet i fylkeskommunen er fysisk aktivitet for alle. Det er difor gledeleg å sjå at spreiinga i anleggstypar er stor, og at alle aldersgrupper vert tekne i vare, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

Stor søking til friluftslivsanlegg

Han er særleg nøgd med fire moment i årets søknadsmasse:

  1. Kompetanseheving i både kommunane og lag og organisasjonar resulterer i betre søknader
  2. Søknadssummen til friluftslivsanlegg har tredobla seg frå 2016 til 2017
  3. Det er mange klubbhus som er i ferd med å bli etablerte i fylket. Dei har ein viktig funksjon som sosial møteplass i lokalsamfunnet
  4. Kommunane nyttar spelemiddelordninga som viktig finansiering for å ruste opp skuleområda sine

– Det er i tillegg verdt å merke seg at kommunar med vidaregåande skular, som Flora, Førde, Sogndal, Gloppen, Eid og Stryn, søkjer om mykje midlar. Det er med på å styrke rammevilkår og moglegheiter for å vere fysisk aktiv, seier Skrede.

Gloppen søkjer om mest

Verdien av dugnadsarbeidet ved etablering av alle anlegga er på heile 51 millionar kroner, og det er såleis lite som tyder på at dugnadsånda i fylket er på veg ned. Tilsvarande tal for 2016 var 45 millionar.

– Gloppen har i fleire år satsa sterkt på kultur, og eg meiner det er dette vi no ser resultat av. Vi ser at kommunar som satsar på tilsette på dette feltet, som til dømes Gloppen og Luster, har veldig mange godkjende søknadar, fortel Skrede.

Alle kommunar bortsett frå Selje søkjer om midlar. Førde har heile 45 søknadar, som er ny rekord for ein kommune på eitt år. Gloppen kommune har den høgste søknadssummen med heile 38 millionar. Det er også rekord – i søknadssum for ein kommune på eitt år.

Hovudutvalet fordeler i mai

Fylkeskommunen har no sendt søknadene til Kulturdepartementet, og før 1. mai vil det vere klart kor mykje pengar Sogn og Fjordane får.

Endeleg fordeling av midlane vert gjort i hovudutval for næring og kultur 30. mai. Kulturdepartementet fordeler midlar til fylka på bakgrunn av tre kriterium: anleggsdekning (tal anlegg sett i høve areal), innbyggjartal og godkjend søknadssum, der det siste tel halvparten av vektinga.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00