Regionreform

Regjeringa ønskjer seg større regionar innan 2020. Sogn og Fjordane fylkeskommune forhandla i januar 2017 fram ein avtale om samanslåing med Hordaland fylkeskommune. Fylkestinga i dei to fylka skal ta stilling til planen i månadsskiftet januar-februar.

Forhandlingsutvala for Sogn og Fjordane og Hordaland møttest til regionforhandlingar på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar. Der vart dei samde om ein intensjonsplan for samanslåing av dei to fylka. Fylkestinga i Sogn og Fjordane skal handsame intensjonsplanen 2. februar, og fylkestinget i Hordaland tek stilling til planen dagen etter, 3. februar.

Les heile intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Forhandlingane mellom Sogn og Fjordane og Hordaland fann stad etter at intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vart stemt ned i fylkestinget i Rogaland i desember 2016.

Intensjonsplan mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Forhandlingsutvala for dei tre fylka underteikna ein intensjonsplan for samanslåing i september 2016. Då fylkestinga handsama planen i desember, sa Sogn og Fjordane og Hordaland ja til samanslåing, medan Rogaland ville halde fram som eige fylke.

Intensjonsplanen

Vedtak i fylkestinga

Sogn og Fjordane

Rogaland

Hordaland

Høyring

Etter vedtak i fylkestinget 18. oktober var «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» ute på ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. Alle – privatpersonar, kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet – fekk høve til å kome med innspel.

 

vestlandsregionen_2106.jpg

Regionreforma er ein prosess starta av regjeringa med mål om å skipe større regionar i staden for dagens fylkeskommunar. Nye regionar skal vere på plass innan 2020.

Vestlandsregionen

Forhandlingsutval frå Sogn og Fjordane-, Hordaland-, og Rogaland fylkeskommune har i 2016 forhandla fram ein intensjonsplan for samanslåing av dei tre fylka. Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune som tok initiativ til «nabopraten» tidlegare i år. I eit forhandlingmøte mellom dei tre fylka i Førde 14.-15. september vart ein intensjonsplan for Vestlandsregionen signert. Han seier blant anna noko om politisk styreform, framtidig tenesteyting og kvar administrativ og politisk leiing skal liggje. Prosessen mot regionreforma held fram utover hausten 2016, med vedtak om intensjonsplanen i fylkestinget i desember. 

Krav om nye oppgåver

Dei tre fylkesordførarane stiller også tydelege krav om nye og fleire oppgåver til eit nytt og større regionalt folkevalt nivå. Intensjonsplanen seier mellom anna at eit premiss for Vestlandsregionen er at ansvaret for kollektivtransport, vidaregåande opplæring og tannhelse framleis skal ligge til regionen, og at fylkesmannsembetet si organisering samsvarer med det regionale nivået, med leiing frå Sogn og Fjordane. 

Vegen så langt

Juni 2014:
• Stortinget ber om gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunane parallelt med kommunereforma.
Desember 2015
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å starte dialog med tre andre vestlandsfylke
Mars 2016:
• Fylkesordførarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sender brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med krav om fleire oppgåver.
• Dei tre fylka møtes til «naboprat».
April 2016: 
• Regjeringa legg fram melding til stortinget om nye regionar.
• Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtek å etablere ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval for vidare drøftingar om intensjonsplan med dei andre fylka.
Mai 2016:
• Open høyring om regionreforma i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Juni 2016:
• Kommunal- og forvaltningskomiteen legg fram innstilling om nye folkevalde regionar – rolle, struktur og oppgåver.
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek at fylkeskommunen forhandlar med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar for å kome fram til ein felles intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane innan 01.01.2020.
• Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har sonderingsmøte
August og september 2016:
• Intensjonsplanforhandlingar:
Møte 1: Bergen, 18.-19. august
Møte 2: Stavanger, 1.-2. september
Møte 3: Førde, 14.-15. september. Dei tre forhandlingsutvala vart samde om ein intensjonsplan for ein ny Vestlandsregion.
• Møre og Romsdal fylkeskommune held avklaringsmøte med Sør-Trøndelag og Oppland
Oktober 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane legg 18. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 26. oktober til 23. november
Fylkestinget i Hordaland legg 5. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 14. oktober til 30. november
Fylkestinget i Rogaland legg 25. oktober intensjonsplanen ut på høyring
Oktober og november 2016:
Høyringsperiode for intensjonsplanen
Desember 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune sa ja til at Sogn og Fjordane skal gå saman med Rogaland og Hordaland i Vestlandsregionen, med intensjonsplanen til grunn. Hordaland vil også gå vidare med planane om ein sterk vestlandsregion, medan Rogaland vil halde fram som eigen region inntil vidare.
Januar 2017
Forhandlingar mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Dei to forhandlingsutvala vart samde om ein intensjonsplan for samanslåing.
 

Vegen vidare

Februar 2017
• Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland skal handsame intensjonsplanen. Sogn og Fjordane har møte 2. februar og Hordaland dagen etter, 3. februar.
Våren 2017:
• Proposisjon frå regjeringa om nye oppgåver og roller våren 2017
• Proposisjon frå regjeringa med forslag til ny regional struktur
Januar 2020:
• Nye regionar og kommunar trer i kraft

 

Nyhendesaker:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Ole-Mathias Nes
Politisk rådgjevar
Ole-Mathias.Nes@sfj.no