Fotocollage med fire bilete. Det eine viser to små ungar utanfor ein smal tunnel, det andre syklistar og bilar i eit bybilete, det tredje er utsikt frå ei ferje mot ferjekaien på Anda og det siste syner ungdomar som er passasjerar i ein buss.

Foto tunnel og ferje: Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto buss: A til Å Grafisk design og media. Foto syklist: Miljøpakken.

Regional transportplan 2018–2027

Samferdsle og transport spelar ei strategisk rolle for den vidare utviklinga av fylket. Regional transportplan (RTP) omhandlar heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. 

Føremålet er at RTP skal vera ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.

Regional transportplan vil bestå av eit kunnskapsgrunnlag som ser på utviklingstrekk og framtidige utfordringar innan transportsektoren. I tillegg vil Regional transportplan 2018 - 2027 bestå av eit plandokument inkludert eit 4-årig handlingsprogram med oversikt over planlagde investeringar i perioden. Gjennom plandokumentet vil fylkeskommunen sin langsiktige regionale transportpolitikk kome til uttrykk. Handlingsprogrammet vil vere basert på kunnskapsgrunnlaget og den langsiktige transportpolitikken.

Regional transportplan for Sogn og Fjordane vart første gang vedtatt i fylkestinget i desember 2013. Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018 - 2027 vert vedteke i fylkestinget i desember 2017. Transportplanen skal reviderast kvart 4 år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00