ullkpn 4rmr

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Nye oppgåver til fylkeskommunen

– Vi er klare for å ta på oss fleire nye oppgåver og ta ei endå sterkare rolle som samfunnsutviklar, seier fylkesordførar Jenny Følling etter at kommunalminister Monica Mæland har lagt fram innstilling til kva nye oppgåver fylkeskommunen skal få.

Fylkeskommunen skal få større ansvar innan mellom anna samferdsel, kompetanse og næringsutvikling. Målet med oppgåveoverføringa er å få meir effektiv styring tett på innbyggarane. Mange av dei nye oppgåvene er innan område fylkeskommunen jobbar med i dag.

– Vi overfører oppgåver fordi vi meiner at fylkeskommunane kan løyse dei betre. Difor føreslår vi å overføre oppgåver og verkemiddel på område der fylkeskommunane alt har ansvar og kompetanse, seier kommunalminister Monica Mæland.

– Ein start

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare utfordra Stortinget til å følgje tilrådingane frå ekspertutvalet som vart leia av Terje P. Hagen. Overføring av oppgåver og ressursar som styrkar fylkeskommunen som samfunnsaktør har vore ein føresetnad for regionreforma. 

– Vi er glade for at oppgåvemeldinga endeleg kjem. Dette er ein start, men vi ser ingen grunn til å sleppe jubelen laus. Mange av Hagen-utvalet sine forslag vert ikkje følgde opp, og regjeringa utset viktige avgjerder som skal vidare utgreiast, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Fylkesvegane

Fylkeskommunen skal få alt ansvar for fylkesvegane gjennom å overta arbeidet Statens vegvesen gjer med å utgreie, planlegge, bygge, drifte og vedlikehalde fylkesvegane. 

Tilskot til skredsikring av fylkesvegar skal fylkeskommunen få ansvar for. Fylkeskommunen får ei sterkare rolle i koordinering av kollektivtrafikken mellom fylke og stat, slik at mål om auke i kollektivtrafikken blir nådd. 

Næringsliv 

Fylkeskommunen skal overta ansvaret for utvikling av næringslivet som Innovasjon Norge og SIVA har og får styrka ansvar for regionale forskingsfond. 

Innan landbruk skal fylkeskommunen få overført oppgåver som fylkesmannen utfører innan utgreiing og tilrettelegging, forvalting av tilskot til kystskogbruk og å utarbeide regionalt næringsprogram. 

Fylkeskommunen får eit større ansvar for utdanning og kompetanse og skal overta tilskot til karriererettleiing som i dag går gjennom Kompetanse Norge. 

Fylkeskommunen får utvida ansvar for forsterka grunnopplæring av ungdom som manglar dette, slik at dei får reelt høve til å gjennomgå vidaregåande opplæring. 

Integrering 

Fylkeskommunen får eit større ansvar for integrering og at innvandrarar kvalifiserer seg for jobb. 

Folkehelse blir styrka i fylkeskommunen gjennom tilskot til friskliv, meistring og læring, og tilskot til tverrfagleg innsats på rusfeltet. 

Fylkeskommunen skal overta oppgåver innan klima og miljø som fylkesmannen har i dag. Dette omfattar mellom anna politisk skjønn innanfor artsforvalting, bortsett frå truga artar og forvalting av verneområde. 

Vass- og vindkraft 

I konsesjonsaker om utbygging av vass- og vindkraft skal NVE konsultere fylkeskommunane og vektlegge fylkeskommunal planlegging. 

Det som ikkje er klart, er kva oppgåver innan kultur som skal bli overført til fylkeskommunen. Avklaring vil kome i den varsla kulturmeldinga som kjem seinare i haust. Oppgåver innan barnevern er heller ikkje avklåra. Det skal utgreiast nærmare.a

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven