Minneord til Ola M. Hestenes

Eit stort følgje med representantar frå det offisielle Sogn og Fjordane følgde tidlegare fylkesordførar Ola M. Hestenes til grava 29. april. Fylkesordførar Nils R. Sandal sa fram minneord ved grava.

Ola M., som han vart kalla, var fylkesordførar frå 1976 til 1988. Før det var han ordførar i Gloppen i åtte år. Han vart gravlagd frå Vereide kyrkje 29. april.
Fylkesordførar Nils R. Sandal la ned krans frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og sa fram minneord ved grava.

MINNEORD OLA M. HESTENES
v. fylkesordførar Nils R. Sandal, Vereide Kyrkje 29/4 2008

Vi har med sorg motteke meldinga om Ola M. Hestenes sin bortgang.

Ola M. Hestenes var ein markant politikar og samfunnsbyggar.
Han ytte ein stor innsats for kommunen, fylket og landet.

I 3 periodar frå 1976 til 1988 var han fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Før det hadde han vore medlem av fylkestinget i 8 år.
Samla hadde han såleis 20 års teneste for fylkeskommunen

Hestenes vart den første fylkesordføraren i den fylkestingsskipnaden vi kjenner i dag - med direkte valde fylkestingsmedlemer.
Han fekk såleis den krevjande utfordringa det var å realisere målsettinga om ei sterkare direkte folkevald styring av fylket vårt.

I dette arbeidet gjorde Hestenes ein solid innsats. Han la eit viktig grunnlag for den reelt politikarstyrte fylkeskommunen vi har i dag.
Hestenes hadde ei rekke verv i ulike styrer, råd og utval – både i fylket og nasjonalt.
I alt sitt virke søke han etter dei samlande og gode løysingane.
Han var ein samarbeidets mann som etterlet seg mange gode vener. I alt sitt virke var han ein god diplomat.

For Hestenes var det resultata som talde.
For han var alle deler av fylket viktige. Han var ein varm tilhengar av desentraliserte løysingar der det var mogeleg.

Æra delte han raust med alle – berre det vart eit godt resultat for det samfunnet og dei folka han var sett til å tene.
Han likte å møte folk og var flink til å inkludere andre.

Eg lyser fred over Ola M. Hestenes sitt minne.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tips ein ven
Send til e-post:
Frå e-post:
Melding:
Kode