Foto av fire personar som står og lenar seg mot eit rekkverk på eit oppdrettsanlegg. Dei har redningsvestar, det er blå himmel og sol.

Foto: Harald Grotle

Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond (MAREKO)

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar frå  MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond), med søknadsfrist 20. august 2018. 

Storleiken på fondet vil variere frå år til år, men i år forventar vi totalsum til utlysing på om lag 5,75 mill. kroner. Av dette skal minimum 30 prosent nyttast til nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

Fondet er etablert på grunnlag av leigeinntekter frå undervisningskonsesjonen til Måløy vidaregåande skule.

Målsetjing med fondet

Det overordna føremålet med fondet er å bidra til rekruttering og attraktivitet for vidaregåande opplæring i akvakultur og anna vidaregåande opplæring som støttar denne næringa sitt behov for fagkompetanse.

Fondet skal gje støtte til marint retta tiltak og prosjekt som Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å gjennomføre og som er i tråd med føringar i Regional plan for verdiskaping i Sogn og Fjordane (Verdiskapingsplanen), herunder å kunne gje støtte til finansiering av nytt opplæringsfartøy.

Tiltak og prosjekt som får støtte frå fondet skal ha ei klar forankring i dagens Sogn og Fjordane.

Kven kan søkje?

I utgangspunktet kan alle med gode tiltak som kan stø opp under måla i årsplanen under program 1 «Kompetanse og rekruttering i sjømatnæringane» søkje. Årsplanen for 2018 – Sjømatnæringane finn du her.

Du som søkjer må ha org.nr.

Kva kan fondet finansiera?

Tiltak innan kompetanseheving og rekruttering og som ligg i Årsplanen for 2018-Sjømatnæringane, eller som er i tråd med måla i dette dokumentet (sjå lenke over).

Tiltaket bør vere langsiktig, dvs. ha ein tidshorisont på meir enn eitt år. Dette fordi ved å utvikle eit undervisningsopplegg ved vidaregåande skule, må dette kunne vere føreseieleg for fleire årskull.

Vi ser det som ynskjeleg å knytte næringsliv og skule tettare saman i opplæringa. Likeeins vil det vere attraktivt å lage tettare koplingar mellom miljø som utfører forsking og utvikling (FoU) og opplæringstilbodet innan dei marine opplæringvegane.

Om søknaden

  • Søknaden må ha ei klar forankring i årsplanen for 2018-Sjømatnæringane
  • Vi ynskjer ein søknad med klare, konkrete mål
  • Innhaldet må vere tydeleg omtalt
  • Det må ligge føre budsjettoverslag og finansieringsplan for tiltaket
  • Dersom eksterne partar har ei rolle i tiltaket, må det ligge føre ein intensjonsavtale frå desse om medverknad
  • Hovudregel er ein eigendel på 50 %, men dette kan avvikast. Eigeninnsats kan reknast som eigendel
  • Tiltaket må vere i tråd med læreplanane for opplæringstilbodet, men gjerne tilføre nye element

Søknad skal sendast til

Du må levere søknaden gjennom www.regionalforvaltning.no. Søk opp Sogn og Fjordane i menyen til høgre og i lista som kjem opp finn du MAREKO. Skriv inn søknaden din der.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena Søderholm
fagkoordinator
​lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven