Fotocollage med foto frå jenteversjonen av dei marine leirane. Fotoet i midten syner jenter på toppen av opplæringsfartøyet Skulebas, med namnet på båten synleg. Dei andre bileta syner blant anna båten, sjømat, bedriftsbesøk osv.

Foto: Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk.

Marine leirar hausten 2017

Også i år inviterer fylkeskommunen og Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag 10. klassingar til marine leirar om bord i opplæringsfartøyet Skulebas.

Det blir ein jenteleir i veke 38 (18.–22. september) og ein guteleir i veke 40 (2.–6. oktober). Begge leirane har plass til tolv deltakarar.

På leirane får du eit godt innblikk i kva som rører seg innan dei maritime og marine næringane i Sogn og Fjordane. Det blir mellom 15 og 20 bedriftsbesøk, mykje god sjømat og sjørelaterte aktivitetar. Filmen under syner foto frå tidlegare leirar, og gir deg eit innblikk i noko av det du kan vente deg.

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Bjørn Kvalheim hjå opplæringskontoret på 959 86 700 eller bjorn@okfh.no.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

Søknadsfristen er 8. september 2017.

OKFHLeirtilbod 2017 from Bjørn Kvalheim on Vimeo.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00