yqlbz 8ftqz

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lærarar frå Sogn og Fjordane er med og lagar nye læreplanar

Hausten 2020 skal norske elevar gå på skulen med nye læreplanar i alle fag. Fire lærarar frå Sogn og Fjordane er med i arbeidet med å utvikle dei nye læreplanane.

Desse lærarane frå fylket deltar i arbeidet med fagfornyinga:

  • Eva Fredriksen frå Høyanger vidaregåande skule er leiar for læreplangruppa i engelsk
  • Tor Egil Furevikstrand frå Dale vidaregåande skule er med i læreplangruppa i norsk
  • Hanne Dybwad Fonn frå Vassenden skule er med i læreplangruppa i kroppsøving
  • Kjetil Høidal frå Flora ungdomsskule er med i læreplangruppa i musikk.

Portrett av Eva Fredriksen– Det er spennande og ei tillitserklæring å få jobbe med dette. Det er eit uhyre viktig arbeid som kjem til å påverka alle elevane i norsk skule, i tillegg til alle lærarane. Håpet vårt er at vi skal klare å gjere læreplanane meir relevante og enklare for lærarane å jobbe med, seier Eva Fredriksen, og fortel at eitt av måla er å redusere stofftrengselen i skulen.

– Vi skal lage ein ny læreplan som fokuserer på djupnelæring, slik at elevane i større grad skal jobbe djupare med emna. Det tyder at mange emne må vekk.

Læreplangruppene starta opp arbeidet sitt no i juni, og skal kome med forslaga sine innan januar. Forslaga skal byggje på Kunnskapsløftet, stortingsmeldinga Fag – Fordypning – Forståelse og dei nye kjerneelementa i faga som Kunnskapsdepartementet la fram 26. juni.

Les meir om fagfornyinga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00