Foto frå Aurlandsdalen. Biletet syner store steinar i framgrunnen, ei hengebru og ein foss litt lenger oppe i dalen.

Kristin Sønnerheim er ein av dei tre som innstillingsnemnda har nominert til årets fylkeskulturpris. No er nominert for sin langvarige innsats for Aurlandsdalen som turistmål.

Kven får fylkeskulturprisen?

Hovudutval for næring og kultur avgjer 21. november kven som får fylkeskulturprisen for 2017. Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar.

Det kom inn totalt 15 forslag til kandidatar. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har vurdert alle forslaga. Nemnda har også drøfta kandidatar som har vore føreslått tidlegare. Det står no att tre kandidatar.

Hovudutvalet kan velje mellom

  • Idretten i Sogn og Fjordane v/Sogn og Fjordane idrettskrins for alt frivillig arbeid som blir lagt ned og betydinga dette har for fylket.
  • Teaterfestivalen i Fjaler, Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie for å ha etablert og bygd opp ein teaterfestival med høg kvalitet og som er med å auke mangfaldet av teatertilbod i fylket.
  • Kristin Sønnerheim for langvaring innsats for Aurlandsdalen som turmål.

Sjå alle forslaga som kom inn.

Saksliste for møtet i hovudutvalet for næring og kultur 21. november.

For meir informasjon, ta kontakt med innstillingsnemnda

Torbjørn Vereide
torbjorn.vereide@sfj.no
908 32 717

Anne K. Lilleaasen
anne.kristin.lilleaasen@sfj.no
480 80 022

Erlend Haugen Herstad
erlend.haugen.herstad@sfj.no
916 44 740

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00