Foto som syner danseelevar på Firda vidaregåande skule. Det er eit mørkt rom, og dansarane sit på stolar. Alle er kledde i dongeribukse eller svart bukse og mørk topp. Og alle held høgrearmen oppover mot venstre.

Foto: Hans Græsli

Kva med kulturpolitikken i reformtider?

Kommunar kan bli større, og dagens fylke kan bli til større regionar. Men kva skjer med kulturpolitikken og den lokale kulturutviklinga oppi det heile?

Det er tema på Kulturkonferansen 2017, som vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 23. og 24. mars. Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KS og Norsk kulturforum Sogn og Fjordane.

Blant dei som tek turen til Førde desse dagane er Svein Harberg (H), som leiar familie- og kulturkomiteen på Stortinget og Hege H. Liadal (Ap), som sit i same komité. Dei vil utfordre oss og invitere til debatt om kulturpolitikk både i reformtider og i framtida.

Møteplass og debattarena

Kulturkonferansen er ei årleg hending og skal vere ein møteplass og debattarena for politisk diskusjon om kultur. Årets tema har på mange måtar gitt seg sjølv. Korleis kan ein utvikle ein ny kulturpolitikk når/om større kommunar og regionar vert etablerte, og kva oppgåver bør nye regionar og større kommunar få ansvaret for?

Og ikkje minst – kva kjenneteiknar ein god kulturkommune?

Variert program

For å stille dei gode spørsmåla, for å få gode svar og gode diskusjonar vert det innlegg ved ei rekke flinke folk. Politikarar, organisasjonsfolk, forskarar, kulturarbeidarar, byråkratar og kunstnarar er berre nokon av dei som deltek.

Frå Flora kommune kjem kommunalsjef Norunn Stavø for å fortelje om Lev Vel, eit prosjekt for kultur og eldre. Bård Kleppe i Telemarksforsking held innlegg om kva som kjenneteiknar gode kulturkommunar og presenterer Norsk kulturindeks 2016 med særleg vekt på Sogn og Fjordane. Direktør Kristin Danielsen i Norsk kulturråd kjem for å fortelje om rolla til kulturrådet.

Her kan du lese heile programmet.

Fristen for å melde seg på Kulturkonferansen er 13. mars.

Festivalen startar med programslepp for Førdefestivalen og vert avslutta med opninga av årets kulturfestival for funksjonshemma.

Du finn meir praktisk informasjon og kan melde deg på konferansen her.

For meir informasjon

Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00