Kringom.no samlar all informasjon om kollektivtrafikken i fylket

Kollektivtilbodet til Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått nytt namn og ny nettstad. Kringom er namnet, og no samlar fylkeskommunen all informasjon om kollektivtrafikken på kringom.no.

Namnet Kringom speglar korleis vi ferdast i dette fylket – under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar og ut mot havet. Kringom betyr att og fram, hit og dit, rundt eller omkring.

Lanserer kringom.no

– Det blir spennande å sjå korleis namnet vert motteke. Vi meiner det er dekkande for aktiviteten vi har rundt om i fylket. Vi håpar namnet skal vere lett å hugse i og med at vi no lanserer nettstaden kringom.no, der vi samlar all informasjon om kollektivtrafikken fylkeskommunen driftar. Slik vil vi gjere det enklare for folk som skal ut og reise i Sogn og Fjordane, seier Øystein Hunvik, seniorrådgjevar i fylkeskommunen.

kringom.no finn du i tillegg til rutetider, ein reiseplanleggjar og informasjon om prisar, rabattar og skysskort.

Viktig for språkleg medvit

Namnet Kringom vart valt etter ein god og grundig prosess, der merkevarebyrået Nameabrand var sentralt. I jakta på eit godt namn på kollektivtrafikken til fylkeskommunen, var det viktig at namnet skulle vere eit godt nynorskord, som sømer seg fylkeskommunen som vart kåra til Årets nynorskkommune i 2012. Det meiner Noregs Mållag fylkeskommunen har lukkast med.

– Fylkeskommunen har valt eit flott namn. Kringom er eit godt og markert nynorskord. Det syner ein medviten fylkeskommune som ikkje er redd for å markera seg på nynorsk. Det er viktig for det språklege medvitet i fylket at fylkeskommunen profilerer seg slik på nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

Eit ord frå det norske språklege grunnfjellet

Også Jan Olav Fretland, fylkestingsmedlem for SV og leiar for forumet Nynorskfylket, er nøgd med namnet, som han meiner er både traust og solid.

– Ordet treffer midt i det kollektivtilbydarane i Sogn og Fjordane skal stå for: Dei skal vera kringom alle stader. Eg koplar det òg til kringkasting: radio og fjernsyn kringom til alle grender og bydelar i Noreg. I norrønt heitte det í kring um, så ordet står på tusen års trygg grunn. Det er viktig at me torer å bruka slike ord frå det norske språklege grunnfjellet i ei moderne tid og om moderne framkomstmiddel. Sogn og Fjordane skal syna at me er språkfylket og nynorskfylket framom nokon, slår Fretland fast.

For meir informasjon

Øystein Hunvik
seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf. 477 00 466
e-post: oystein.hunvik@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no