Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Foto: Eric Sadorge

Konferanse: Den nye klimapolitikken

Korleis kan nasjonale føringar og lokal klimapolitikk bidra til heilskapleg klimaomstilling? Meld deg på årets nasjonale klimakonferanse i Sogndal 24.–26. april, og ta del i klimaomstillinga av samfunnet.

Årets arrangement er den tredje nasjonale klimakonferansen som vert arrangert i Sogndal. 

Til konferansen kjem mellom andre statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet, professor Thomas Hylland Eriksen frå Universitetet i Oslo og ei rekkje andre spennande innleiarar.

Hovudtema på årets konferanse er den nye klimapolitikken, med koplingar mellom klimatilpassing og utsleppsreduksjon. Føremålet med arrangementet er å tematisere korleis forsking, forvalting, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan bidra til å klimaomstille samfunnet.

  • Klarer vi å oppfylle Parisavtalen gjennom klimatilpassing og meir miljøvenlege løysingar?
  • Er sentralisering og byvekst eit problem, eller ei løysing for nullutslepp i transportsektoren?
  • Kva veit vi om karbonbinding i skog, og kva er potensialet for meir allsidig og stadstilpassa skogbruk

Meld deg på konferansen i dag, og ta del i klimaomstillinga av samfunnet. 

Sjå heile programmet og meld deg på konferansen her: www.klimaomstilling.no

Endeleg påmeldingsfrist er onsdag 4. april.

Konferansen vert arrangert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Statens vegvesen og NVE.


Plakat for nasjonal klimakonferanse i Sogndal 2018

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette