Seks bussar på rad utanfor Operahuset i Nordfjord. Alle bussane har Kringom-logo. Foto.

Kollektiv

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gi innbyggjarane i fylket eit godt og tenleg kollektivtilbod.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for alle fylkesinterne bussruter, båtruter og ferjene på fylkesvegnettet. I tillegg kjøper fylkeskommunen fleire fylkeskryssande ruter.

Ut over dei fylkeskommunale rutene består kollektivtilbodet i fylket av kommersielle ekspressbussruter, flyruter til og frå dei lokale flyplassane og ferjene på riksvegnettet.

Kringom

Våren 2015 vart Kringom lansert som merkenamn for den fylkeskommunale kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane.

Her kan du lese meir om Kringom og søke i rutesøk.

Innbyggjarar som har innspel til ruteendringar vert bedne om å melde dette til sin kommune, slik at kommunen kan samordne lokale innspel.

Skuleskyss

Skuleskyssen dannar grunnlaget for ein stor del av kollektivtilbodet i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal legge til rette for skuleskyss til elevar som etter opplæringslova har rett på gratis skuleskyss. Dei fleste skulerutene i fylket er tilgjengeleg for andre reisande. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg også til rette for serviceskyss og tilrettelagt transport.

I menyen til venstre kan du lese meir om kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øystein Hunvik
Assisterande fylkesdirektør
oystein.hunvik@sfj.no
477 00 466

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no