l 7gszty 24v

Irene Ekren

Klimavenleg landbruk

TEMAMÅL: Landbruksnæringa i fylket vert drive på ein meir klimavenleg måte enn i dag, og er tilpassa framtidige klimaendringar.

Hovudutfordringa innan klimavenleg landbruk er å legge til rette for at næringa i fylket kan drive på ein meir klimavenleg måte, og å tilpasse seg framtidige klimautfordringar. Bøndene er viktig for matforsyninga i landet, og utsleppsreduksjon frå landbruket skal ikkje vere på grunn av nedlegging av gardar.

Utslepp av klimagassar frå jordbruket i Norge utgjorde om lag ni prosent av det totale norske utsleppet. Dei største utsleppa frå jordbruket er metan frå husdyr og lystgass. Det er ikkje mogeleg å produsere mat utan klimagassutslepp, men ein skal jobbe aktivt for å gjere norsk landbruk meir klimasmart. Å ha eit klimavenleg landbruk og hindre globale klimaendringar er både i bonden og ålmenta si interesse.

Klimaendringane har historisk sett påverka landbruket, og tilpassing til eit endra klima er ikkje ei ny problemstilling, men mykje av utfordringa i dag ligg i farten desse endringane no skjer i. Endringane byr ikkje berre på utfordringar med endring i vekstsesongane, nye plante- og dyresjukdommar og potensielt mislukka avlingar, men også på nye muligheiter. Mellom anna vil eit varmare klima gi muligheiter for å kunne dyrke nye typar frukt og bær. Det viktigaste målet med tilpassing må m.a. vere å sikre jordressursane og produksjonsgrunnlaget for vidare matproduksjon for innbyggjarane.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fem utfordringar innan klimavenleg landbruk:

·         Matproduksjon gjev klimagasutslepp.

·         Forvalting av jordbruksarealet som sikrar god matsikkerheit og klimavenlig matproduksjon.

·         Endra klimatiske vilkår krev ny kompetanse for å klare omstillingane.

·         Kunnskapsbasert produksjon, med basis i forsking, utgreiing og rådgjeving.

·         Kapitaltilgang for å gjere omstillingane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette