bq 3p 6tcvxu

Stian Nest

Klimatilpassing

TEMAMÅL: Gjennom utvikling av kompetanse og kunnskap reduserer Sogn og Fjordane klimasårbarheita si, og er godt nok budd på dagens og framtidige klimautfordringar.

Hovudutfordringa innan klimatilpassing er å redusere sårbarheita til samfunnet. Det inneber for det første å forstå kva auka påkjenningar lokalsamfunna vert utsett for som følgje av endringar i temperatur, nedbør, havnivå og andre klimafaktorar, gjere tiltak for å redusere dei negative konsekvensane av desse og samstundes sjå om det er mogleg å utnytte dei positive. Samstundes kan klimaendringar i andre land innebere store utfordringar for Norge, til dømes klimaflyktningar og endre tilgang på importerte varer.

Kommunane har ei heilt sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing. Det er viktig at kommunane har nødvendig kapasitet til å gjere dette, både i form av kompetanse og ressursar. Ein viktig del av kompetanseutviklinga handlar om å vere kjent med rettleiingsmateriell, forskingsrapportar, erfaringar frå andre kommunar med vidare, og å vere i stand til å gjere nytte av slik eksisterande kunnskap.

Klimaframskrivingane varslar at vi kan vente meir intenst vêr i framtida, både ved at det kjem uvêr oftare og at det aukar i styrke. I Sogn og Fjordane er det særleg nedbørsauken som vil gi merkbare konsekvensar. Vi ser allereie at vi med dagens klima jamleg vert usett for sterke vêrpåkjenningar, som til dømes fører til skred, flaumar og stormflo. Både busetnad og infrastruktur er sårbart for slike naturpåkjenningar, og det aukar risikoen for både liv og helse, materielle verdiar og viktige samfunnsfunksjonar.

Kommunane må prioritere å skaffe kunnskap om sårbarheit i lokalt næringsliv, i allereie utbygde område og i etablert infrastruktur, gjennom arbeidet med heilskaplege analysar av risiko og sårbarheit (ROS-analysar). Klimakonsekvensar må vere ein del av ROS-analysearbeidet ved all ny utbygging, for å unngå ny sårbarheit.

Klimaendringane gjer difor til at det er trong for klimatilpassing for å redusere risiko og påkjenningar som følgje av uønskte vêrhendingar.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fire utfordringar innan klimatilpassing:

  • Skaffe best mogleg kunnskap om risiko og sårbarheit som følgje av klimarelaterte påkjenningar.
  • Utvikle kompetanse og kunnskap hos statlege, regionale, kommunale, og private aktørar.
  • Tilpasse eksisterande busetnad og infrastruktur til auka påkjenningar som følgje av meir ekstremvêr.
  • Ta omsyn til auka klimaskapte påkjenningar ved planlegging og utbygging.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette