dpf 6m 8e 3ng

Carlo Aall

Klimakunnskap og klimakommunikasjon

TEMAMÅL: Sogn og Fjordane bidreg til utdanning av ein nullutsleppsgenerasjon og aukar kunnskapen i befolkinga. 

Hovudutfordringa innan klimakunnskap og klimakommunikasjon er å bidra og legge til rette for utdanning av ein ny nullutsleppsgenerasjon, samstundes som ein aukar kunnskapen i den befolkninga.

Skulen er ein viktig arena for utdanning av ein nullutsleppsgenerasjon. Det trengs meir og ny kunnskap for å få til prosessar der gamle tankar og løysingar blir fornya og forbetra. I Sogn og Fjordane eksisterer det fleire og ulike studieprogram og klimarelaterte undervisingstilbod, men det er ikkje nokon oversikt over lærarane sitt kunnskapsnivå på området.

God kommunikasjon kan bidra til å auke menneske sitt kunnskapsnivå, som vidare kan påverke og endre handlingar. God klimakommunikasjon er avhengig av vissheit og kunnskap om gode kommunikasjonsstrategiar knytt til klima, då det er nokre grunnleggande psykologiske mekanismar som hindrar oss i å handle i klimasaka. 

Bidra gjennom ord og handlingar til at klimautfordringane og klimaløysingane blir sett på dagsorden. Det er viktig å hugse at kunnskap ikkje kan «redde verda» åleine. For å endre åtferd må ein vite, ville og kunne. Vi treng fysiske rammer som gir rom for klimavenleg handling.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fire utfordringar innan klimakunnskap og klimakommunikasjon:

  • Klimakunnskap i heile utdanningsløpet.
  • Grunnleggande psykologiske mekanismar som hindrar oss i å handle.
  • Klimakunnskap kan ikkje åleine endre samfunnet, fylket treng handlingskunnskap og handlingsrom.
  • Konsistent klimakommunikasjon i fylket.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette