Bølgjer på uroleg sjø som slår inn mot land. Foto: Rolf Sørensen

Foto: Rolf Sørensen

Klima

Fylkeskommunen arbeider i mange sektorar og innan fleire fagområde. Miljø og klima påverkar i større eller mindre grad alle desse.

For å organisere klimasatsinga vedtok fylkestinget i 2009 ein fylkesdelplan for klima og miljø.

Her finn ein måla og visjonane for klimaarbeidet i fylket og handlingsprogrammet viser til konkrete tiltak som fylkeskommunen skal arbeide med.

Eitt av måla i klimaplanen er at Sogn og Fjordane skal ta sin del av utsleppsreduksjonen av farlege klimagassar. Eit anna viktig mål er å forenkle og legge til rette for klimatilpassing innan ei rekke sektorar, som samferdsle, beredskap, landbruk og kultur.

Fylkesdelplan for klima og miljø skal vise veg og rettleie i miljø og klimaarbeidet i fylket. Dei viktigaste aktørane i dette arbeidet er dei 26 kommunane i fylket vårt.

Arbeidet med utarbeiding av ein ny regional plan for klimaomstilling er sett i gang, og venta klar til godkjenning i desember 2017.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette