Illustrasjonsfoto, tre jenter sit i ein sofa og peikar på ein berbar dataskjerm

Foto: John Schobrich/Unsplash

Inviterer til nettverksmøte om innovasjon og digitalisering

VRI4 Sogn og Fjordane inviterer bedrifter, verkemiddelapparat og andre interesserte til nettverksmøte om innovasjon og digitalisering i Førde. NY DATO: 9. januar.

Møtet er retta inn mot bedrifter frå alle VRI4 sine satsingsområde, både fornybar energi, landbruk, reiseliv og sjømatnæringane, og dei som er teknologileverandørar til desse bransjane.

Nye digitale løysingar kan styrke konkurransekrafta til alle desse næringane. På møtet ynskjer me ei blanding av bedrifter med problem og utfordringar, og bedrifter som kan ha forslag på løysingar, og som kan tenke seg å utvikle nye løysingar for andre.

Kanskje kan det vera fleire bedrifter som har dei same utfordringane, og som kan nytte same løysing? Kanskje kan dette til og med skje på tvers av bransjar? Og kanskje er det bruk for FoU (forsking og utvikling) for å utvikla løysingane. I så fall står VRI4 klar til å bidra med hjelp og støtte.

Møtet finn stad på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 11. desember 9. januar kl. 1200-1800. Det er gratis å delta. Sjå program og meir informasjon. Påmelding innan 6. desember til trond.haavik@segel.no.

Om VRI4

VRI4 er eit treårig prosjekt som skal drive med mobilisering til forskingsbasert innovasjon. Satsinga er forankra i verdiskapingsplanen til fylket og finansiert av Forskingsrådet.

Ved å mobilisera til meir forskingsbasert innovasjon, vil me oppnå auka berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket. Det skal i neste omgang føra til auka folketal, som er det overordna politiske målet.

I VRI4 prioriterer vi informasjon, rådgjeving, hjelp og økonomisk støtte til vekstbedrifter med FoU-potensial i Sogn og Fjordane.

Nettside: http://www.sfj.no/vri-4-mobilisering-til-fou.414016.nn.html

Facebook: https://www.facebook.com/vrisfj/

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
seniorrådgjevar
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00