Logoen til International Youth Peace Conference. Det er grøn skrift på kvit bakgrunn og ein illustrasjon av jordkloden.

Inviterer elevar og lærlingar med på fredskonferanse

Er du mellom 16 og 21 år og engasjerer deg i framtida til kloden vår? Då er dette eit arrangement for deg.

Fylkeskommunen dekkjer deltakaravgifta for ein elev per vidaregåande skule i fylket, pluss to lærlingar, til International Youth Peace Conference on Climate Change i Sogn til hausten. Elevane får ikkje fråvær på deltakinga, og lærlingane får dekka tapt inntekt.

– Klimaarbeid er særs viktig, og noko som kanskje vil prege liva våre i enda større grad i åra som kjem. Ungdomane som veks opp i dag, må finne stadig nye løysingar på klimautfordringane. Internasjonalt arbeid er viktig i dette perspektivet, og ungdom må vite korleis samspelet med andre nasjonar fungerer. Erfaringane ein får som ung er verdifulle, og noko ein har med seg vidare, fortel seier Jenny Følling.

Unik sjanse

Konferansen vert arrangert av International Youth Peace Conference Association, som er ein frivillig organisasjon som har støtte frå ungdomsprogrammet til FN. Mange av dei frivillige kjem frå Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, mellom anna lærarar og studentar frå masterprogrammet i klimatilpassing. Andre frivillige er frå blant anna Sogndal folkehøgskule, Sogn Næring, Sogndal Fotball, Ciderhuset i Balestrand og Norsk Bremuseum.

Konferansen er frå 30. september til 8. oktober 2017 og har program i Sogndal, Balestrand, Fjærland, Vik og Kaupanger. Sentrale tema er klimaendringar og klimautfordringar.

Det kjem deltakarar frå heile verda, og fylkeskommunen vil at ungdom frå fylket skal få sjansen til å engasjere seg i dette.

– Dette er ein unik sjanse til å få med seg ein konferanse med svært viktige tema for framtida. Vi ønskjer difor å gje ungdomar moglegheita til å delta. Vi dekkjer alle kostnadane for to lærlingar og ein elev frå kvar av dei vidaregåande skulane. Det inkluderer overnatting, mat, sosiale aktivitetar, reise, avslutningsseremoni og avslutningskonsert, fortel klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal.

Spennande tema

Konferansen er lagt opp med workshops rundt om i Sogn. På dei ulike workshopa vert desse tema utforska:

  • Klimaendringar si stemme - Kaupanger
  • Klimaendringar og mat - Balestrand
  • Klimaendringar og revolusjonerande idear - Fjærland
  • Klimaendringar og internasjonal politikk - Sogndal
  • Klimaendringar og friluftsliv – Vik

Er du engasjert og vil bli med?

Elevar må søkje rektor på skulen om å få delta på konferansen. Lærlingar sender søknaden til Sissel Brusegard (sissel.brusegard@sfj.no).

Dette er spørsmål du kan ta med inn i arbeidet med søknaden:

  • Kvifor ynskjer du å delta på konferansen?
  • Kvifor det nettopp du som bør bli valt ut til å delta frå skulen din?
  • Korleis meiner du at deltaking på denne konferansen kan vere med å bidra til at du lærer meir om klimautfordringane?
  • På kva måte har du engasjert deg i denne problematikken tidlegare?
  • Er dette noko du ynskjer å lære meir om gjennom framtidige studiar eller liknande?

Rektor vil på bakgrunn av søknadane som kjem inn, avgjere kven som får delta gratis på konferansen.

Søknadsfristen er 30. august.

For meir informasjon

Du finn meir informasjon om konferansen på internationalconferences.no og på Facebook-sida International Youth Peace Conference.

Plakat for International Youth Peace Conference i Sogn 2017. Plakaten syner ei ung jente med eit fotoapparat framfor ansiktet og teksten Your Voice Counts.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette