Foto frå Hafstadparken i Førde. Vi ser mange ungar i aktivitet på fleire fotballbaner.

Hafstadparken i Førde. Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Idrettsparken – framtidas samlingsstad?

Årets idrettsanleggskonferanse vert på Skei 18. oktober. Tema er utvikling og drift av idrettsanlegg – og ikkje minst korleis vi kan tenkjer nytt om dette i framtida.

Utvikling av idrettsanlegg kan vere ei krevjande, men likevel spanande oppgåve. Kva idrettsanlegg vil vi ha i framtida? Kan vi byggje større idrettsparkar der vi samlar fleire idrettar? Og kan vi forsøke å gjere idrettsparkar til ein naturleg samlingsstad for nye brukargrupper?

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Sogn og Fjordane Idrettskrets kommunar, anleggseigarar, idrettsråd, idrettslag, politikarar og andre interesserte til Idrettsanleggskonferansen 2017. Konferansen vert onsdag 18. oktober på Thon Hotell Jølster på Skei.

Er vi gode nok?

Konferansen set søkjelys på utvikling og drift av idrettsanlegg, kommunale prioriteringar og idrettsanlegg som samlingsstad.

Drift og vedlikehald av idrettsanlegg er viktig og set krav til anleggseigarar. Er anleggseigarane i fylket gode nok på dette? Kan vi bli endå betre? Fylkeskommunen ynskjer å kartleggje tilstanden på vedlikehaldet av kunstgrasbaner i fylket og vil presentere dette prosjektet på konferansen.

Det vert også debatt om utfordringar ved drift og vedlikehald.

Sjå detaljert program og meld deg på konferansen her.

Samlinga er gratis, og påmeldingsfristen er fredag 13. oktober.

Presentasjonar frå samlinga

For meir informasjon

Frank Tore Farsund Tveit
Sogn og Fjordane fylkeskommune
936 58 448
frank.tore.farsund.tveit@sfj.no

Svein Olav Myklebust
Sogn og Fjordane Fotballkrins
901 03 595
sveinolav.myklebust@fotball.no

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00