Hundreårsfeiring ved Stryn vidaregåande skule

Det er i år 100 år sidan Amtstinget for Nordre Bergenhus amt skipa husmorskule i Stryn. Husmorskulen vart seinare til Stryn vidaregåande skule, som på 100-årsdagen for vedtaket inviterte til jubileumsfest.

42 inviterte gjester var samla i Kong Oscar-salen i Villa Visnes 13. juni – på dagen 100 år sidan amtstinget fatta det historiske vedtaket i same sal. Det var tid for tilbakeblikk og tid for å sjå framover.

– Lukke til med dei neste 100 åra, sa leiar for hovudutvalet for opplæring, Norvall Nøringset, i talen sin.

Symbolsk gåve

Nøringset hadde med seg ei framtidsretta gåve – ei eik – som han overrekte til rektor Kirsti Horne. Eika skal plantast i hagen ved Stryn vidaregåande skule, og Horne tykte det var ei svært symbolsk gåve.

– Eg ønskjer at treet skal symbolisere vekst og det å strekkje seg oppover og framover – å søkje ny kunnskap og danning på Stryn vidaregåande skule. I tillegg kan det teikne eit bilete av kommunikasjon, samhandling og nettverk på tvers av fagområde, kommunegrenser, fylkesgrenser og landegrenser, sa Horne då ho takka for gåva.

Rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule hadde med eit måleri i gåve frå dei vidaregåande skulane Eid, Firda og Måløy. Han la i helsinga si vekt på det gode samarbeidet mellom skulane i Nordfjord. Ordførar i Stryn, Sven Flo, roste skulen for at dei rettar merksemda si mot næringslivet i kommunen.

Historiske tilbakeblikk

Det var under jubileumstilstellinga også tid for å sjå tilbake på dei 100 åra som har gått. Matias O. Lunde heldt ein prolog, og Jon Rasmus Langeset Vik bidrog med ein gjennomgang av historia til Stryn og det historiske bygget på Visnes. Tidlegare rektor Borghild Sandvik Næss avslutta jubileumsfesten med eit å sjå attende på si tid ved skulen. Ho kom først til skulen som elev på husmorskulen i 1938. Seinare vende ho attende som lærar – og så som rektor.

– Husmorskulen var ein fantastisk arbeidsplass, men det er eit under at bygningen ikkje brann ned i vedfyringstida, sa ho.

Den andre jenteskulen i fylket

Husmorskulen i Stryn var den andre i sitt slag i fylket. Den første amtsskulen for jenter vart skipa i Holmedal i 1876. Det vart det ikkje sagt noko om kvar skulen skulle liggje då amtstinget 13. juni 1912 vedtok at det skulle skipast ein ny skule for jenter. Men i og med at Stryn var den einaste kommunen som hadde tilbode lokale, vart Nordfjord-kommunen eit naturleg val.

Husmorskulen heldt fram på Hotel Central (no Villa Visnes) fram til 1966, då flytta han inn i nytt skulebygg på Hool i Stryn. Skulen fekk då namnet Stryn Hustellfagskule. I 1985 vart han slått saman med Stryn vidaregåande skule, som del av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven