Høyring – Utgreiing om Kystvegen

Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune offentleggjorde utgreiinga om Kystvegen 20. februar, og utgreiinga vart samstundes lagt ut på offentleg høyring. Høyringsfristen er 31. mars 2017.

Utgreiinga skal danne grunnlaget for fylkeskommune sitt arbeid med Regional transportplan 2018–2027. Målet er å vurdere moglege trasear for ein samanhengande kystveg gjennom Sogn og Fjordane, og korleis ein slik veg best mogleg kan binde saman kysten og skape utvikling.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 31. mars 2017.

Høyringsmøte om Kystvegen

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer i samband med høyringa til høyringsmøte på Thon Hotel Jølster på Skei 8. mars 2017 kl. 10.00.

Program

  •          Velkomen
  •          Gjennomgang av utgreiinga v/Statens vegvesen
  •          Prosessen vidare v/fylkeskommunen
  •          Lunsj
  •          Diskusjon

Meld deg på høyringsmøtet på e-post til ole.hareid@sfj.no innan 6. mars 2017.

Høyringsdokument

Etter høyringa vil administrasjonen i fylkeskommunen gå gjennom innkomne merknader og innspel og legge utgreiinga fram til ei førebels politisk handsaming i planutvalet. Utgreiinga vil deretter bli innarbeidd i framlegget til Regional transportplan 2018–2027.

Du sender høyringssvaret ditt til post@sfj.no og merker det med «Utgreiing kystvegen». Eller du kan sende svaret i skjemaet under:

Send inn høyringsfråsegn




Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no