Bilete som syner sommarhuset på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand. Huset er brunt og med tydeleg dragestil. Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sommarhuset på eigedomen Heimdalstrand i Balestrand er i dragestil. Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Heimdalstrand er freda

Riksantikvaren har vedtatt å frede eigedomen og kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand kommune.

Husa på eigedomen Heimdalstrand er bygde i 1910. Dei var sommarbustad og arbeidsstad for målarinna Emma Normann Pastor, som også skal ha teikna husa. Seinare overtok dottera hennar, danserinna og målarinnna Helga Normann eigedomen, men etter at ho døydde i 1987, har huset vore lite i bruk.

Svært godt bevart

Målet med fredinga er å bevare Heimdalstrand som eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig døme på ein kunstnarbustad i dragestil, knytt til utviklinga av turismen på Vestlandet på byrjinga av 1900-talet. Eigedomen er svært godt bevart frå tida då Emma og Helga Normann brukte han.

– Fredingsvedtaket stadfestar dei nasjonale kulturminneverdiane i denne eigedomen, og det vil bidra til at han vert tatt godt vare på i framtida, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Nasjonale verdiar

Riksantikvar Jørn Holme framhevar også dei nasjonale verdiane i eigedomen i uttalen sin om fredingsvedtaket.

– Heimdalstrand er usedvanleg godt bevart og sannsynlegvis den mest intakte kunstnarbustaden frå kunstnarkolonien i Balestrand. Eigedomen er eit særs godt arkitekturhistorisk døme på den seine dragestilen, i tillegg til at han fortel om turismen på Vestlandet frå førre århundreskifte og framover, seier Holme.

Rosar nye eigarar

Fylkeskommunen starta arbeidet med fredingssaka i september 2015. Samarbeidet med eigarane Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim har vore godt gjennom heile prosessen, og fylkeskonservator Eva Moberg rosar dei for innsatsen dei har gjort.

– Dei har lagt ned ein betydeleg innsats for å setje bygningane i stand etter at dei overtok eigedomen i 2015. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med å ta vare på og setje i stand eigedomen, slår Moberg fast.

Meir om fredingsvedtaket på nettsidene til Riksantikvaren.

Om Heimdalstrand

Balestrand vart frå midten av 1800-talet ein stadig meir populær plass for kunstnarar og turistar. Etter kvart vart det etablert eit eige kunstnarmiljø/kunstnarkoloni her og fleire av kunstnarane bygde seg eigne villaer der dei budde og arbeidde om somrane. Mange av husa deira vart utforma i dragestil og er i dag eit markant trekk ved arkitekturen i Balestrand.

Heimdalstrand var sannsynlegvis den siste dragestilvillaen som vart bygd i Balestrand og skil seg markant frå dei andre ved ei enklare hovudform, ein mørkare fargesetting og utstrakt bruk av relieffdekor på eksteriøret.

Husa på eigedomen vart bygd i 1910 og skal vere teikna av Emma Normann Pastor og utsmykkinga i dragestil er av Ivar Høyvik. Bygningane på eigedomen består i dag av sommarhuset og atelieret/stabburet. Eigedomen har vore nytta som sommarhus og arbeidsstad, der Emma Normann Pastor og seinare Helga Normann budde og arbeidde i sommarsesongen. Stabburet som er oppført på eigedomen vart brukt som atelier. Emma og seinare Helga Normann selde arbeida sine til turistar, både direkte frå Heimdalstrand og ved at arbeide vart utstilt for sal i kafear og hotell i Balestrand.

Sommarhuset på Heimdalstrand er med si kompakte planløysing, mørke tjøreimiterande brunfarge på ytterveggane og relieff dekor eit godt eksempel på dei seine dragestilhusa. Typiske trekk ved den seine dragestilen som vi finn i huset er den høge grunnmuren, synleg laftverk på hovuddelen av huset saman med bruken av reisverk og panel på verandaen som illuderer stavverk. Vindaugsrekkja i loftsetasjen i gavlen mot fjorden er klårt inspirert av stavkyrkjene sine svalgangar med små rundbogeforma arkadar.

Val av dekor på Heimdalstrand skil seg og frå dei tidlegare dragestilhusa i Balestrand, ved at ein her ikkje har utskorne dragehovud i mønegavlen men har heller valgt eit omfattande dekorprogram for fasaden mot Esefjorden. Med relieff som syner vikingskip, stiliserte dragar i urnesstil og figurframstilling av ein mannsperson på hest. I gavlen mot vegen er relieffdekoren noko mindre omfattande og konsentrert om mønegavlen og inngangsdøra.

Husets interiør er særs godt bevart frå den tida Emma og Helga Normann budde og arbeidde der. Planløysing, overflate handsaming og dekor er i stor grad bevart. Av særskild interesse er skiljet mellom dei representative romma og dei private romma i bygningen. Romma si plassering, utforming og dekor fortel svært tydeleg kva rom som var private og kva som hadde ein meir representativ funksjon i tillegg til den private bruken.

Eigedomen var ikkje ein rein fritidseigedom, men også arbeidsplass for Emma og Helga Normann. Emma Normann hadde behov for eit atelier til å arbeide i om somrane og det vart bygd som eit eige hus i hagen. Atelieret fekk form av eit stabbur og vart vanlegvis omtala som stabburet. Bygningen står i dag på stabbar av betong hovuddelen av den er i maskinlafta tømmer, men gavlen mot fjorden er i reisverk. Her er ei trapp i betong opp til inngangsdøra og det er her fleire store vindauga som slepp lys inn til atelieret. Tidlegare var det her eit lite avsats framfor døra. Atelieret har saltak tekka med skifer og vindskiene har ein enkel relieff dekor i form av eit flettverksmønster.

Hagen var ein viktig del av heilskapen rundt bygningane. Framleis står dolmenen og bryggja att samt restar etter  grusgangar, trapper og murar. I tillegg er ein del av dei eldre plantene i hagen bevart.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
41 53 09 41

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00