Fire menn som står på ein grøn kunstgrasbane i solskinn. Fjell og hus i bakgrunnen. Dei fire er Trond Teigene, Svein Olav Myklebust, Frank Tore Tveit, Tore Dvergsdal.

No får fylket dei grønaste kunstgrasbanene i landet

Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, fylkeskommunen og NFF Sogn og Fjordane sikrar at kunstgrasbanene i fylket får naudsynt utstyr til å redusere sitt miljøavtrykk.

To personar står på eit tak i Bergen sentrum og held eit stort fylkesvåpen. Motivet på våpenet er kystlina til dagens Hordaland og Sogn og Fjordane, som vann kåringa om nytt fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune.

Jorunn teikna folkefavoritten

6471 personar har stemt, og det var Jorunn Andreassen (53) sitt forslag med kysten til det nye fylket som blei best likt av dei 18 finalebidraga til nytt fylkesvåpen for Vestland.

medlemmane i hovudutval for opplæring står foran eit lerret som syner nettstaden til Høyanger vidaregåande skule og den nye meldeknappen mot mobbing der. hovudutvalsleiar KariAnne Torvanger peiker på knappen og smiler.

Fylkeskommunen med lågterskeltiltak mot mobbing

Det er nulltoleranse mot mobbing, vald og diskriminering i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. No er det enklare enn nokon gong å seie i frå, gjennom meldeknappen.

Medlemmane i fellesnemnda for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar er samla i eit møterom på eit hotell på Flesland. Vi ser dei tre møteborda med fylkespolitikarar i ein hestesko, samt dirigentbordet med leiar av fellesnemnda AnneGine Hestetun.

Slik skal Vestland fylkeskommune styrast politisk

Nye Vestland fylkeskommune skal få eige finansutval. Det blir og vurdert å opprette planutval og likestillingsutval som del av den politiske organiseringa.

21. september 2018 |  Les meir ›
kamera som filmar møtet i fellesnemnda

Følg møtet i fellesnemnda fredag 21. september på nett-tv

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane har møte i Bergen på fredag. På vlfk.no kan du følgje møtet direkte.

21. september 2018 |  Til nett-tv ›
murctre 6qz

Vinn el-sykkel på «bilfri dag» i Gloppen

Europeisk mobilitetsveke vert markert med ei rekkje arrangement i Gloppen kommune denne veka. Fylkeskommunen bidreg med ein el-sykkel som vert lodda ut under «Bilfri dag» på laurdag.

20. september 2018 |  Les meir ›