Foto av seks ungdomar som jobbar frå ein låg murkant og ned på bakken. Fire har blå og to har rosa jakkar. Dei står framfor ein beige murbygning, vi ser tre rundt dei, og gjenskin i eit vindauge gjer at det er eit veldig motlys i biletet.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes/DNT

Gjennomfører ny ungdomsundersøking

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Undersøkinga Ungdata dekkjer heilskapen i livet til ungdomane og er ein del av livskvalitet- og levekårsarbeidet (folkehelsearbeidet) i fylkeskommunen. Undersøkinga vert gjennomført i veke ni til elleve i vår og deretter kvart tredje år.

Viktig livsfase

– Barn og unge er ei særskilt viktig målgruppe i livskvalitetsarbeidet vårt, sidan mykje av grunnlaget for seinare mestring og deltaking blir skapt i den livsfasen, seier spesialrådgjevar innan folkehelse, Anne-Lene Norman.

Undersøkinga omfattar eit breitt spekter av tema:

  • foreldre og vener
  • skule
  • lokalmiljø
  • fritidsaktivitetar
  • helse og trivsel
  • rusmiddelbruk
  • risikoåtferd og vald

Både kommunane og fylkeskommunane er lovpålagde å ha oversikt over levekår og livskvalitet for innbyggjarane sine. Dette skal vere ein del av grunnlaget for samfunnsplanlegginga  når det gjeld barn og ungdom. I tillegg til og plan- og utviklingsarbeidet generelt når det gjeld levekår og livskvalitet for innbyggjarane.

Mange kommunar er med

Fylkeskommunen ønskjer at flest mogleg ungdomar i fylket deltek i undersøkinga og oppmodar difor kommunane om å gjennomføre den same undersøkinga blant elevar i ungdomsskulen.

Jo fleire ungdomar som svarer på undersøkinga, jo betre grunnlag har ein for å samanlikne data over tid, med andre kommunar og fylkeskommunar og med nasjonale tal.

Kommunane Aurland, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Hyllestad, Vågsøy og Årdal har alt nytta Ungdata-undersøkinga i løpet av dei tre siste åra. 20 kommunar har stadfesta at dei blir med i undersøkinga i 2017. Det er Askvoll, Aurland, Bremanger, Eid, Fjaler, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal.

Erstattar tidlegare undersøking

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennomføre Ungdata-undersøkinga i samarbeid med Velferdsforskingsinstituttet NOVA og Regionalt kompetansesenter v/ Bergensklinikkane.

Fylkeskommunen har tidlegare samarbeidd med HEMIL-senteret i Bergen og Hans Johan Breidablikk i Helse Førde om ei ungdomsundersøking i fylket for ungdomar i 6., 8. og 10. klassetrinn. Denne vart avslutta i 2015, og Ungdata-undersøkinga er tenkt å erstatte ho.

Ungdata-undersøkingane er finansiert av Helsedirektoratet over statsbudsjettet, og deltakinga er gratis.

Meir informasjon om Ungdata, om undersøkingane, kommunar som har delteke, forsking, publikasjonar, med meir.

For meir informasjon

Anne-Lene Norman
spesialrådgjevar innan folkehelse
anne-lene.norman@sfj.no
415 30 378

Mie Dahl Pind
trainee innan statistikk og analyse
mie.dahl.pind@sfj.no
57 63 80 26

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette