Fellesbilde av deltakarar på fylkesting for ungdom 2016, teke utanfor Thon Hotel Jølster på Skei.

Fellesbilde av deltakarar på fylkesting for ungdom 2016, teke utanfor Thon Hotel Jølster på Skei.

Fylkesting for ungdom 2017

Fylkesting for ungdom 2017 vert arrangert 24. til 26. mars på Thon Hotel Jølster.

Fylkesting for ungdom (FFU) er ungdomen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. FFU skal arbeide for å ivareta ungdom sine interesser i fylket, for å auke samfunnsengasjementet hos ungdomen og for å fremje ungdomsmedverknad. Sakene til dagsorden ved FFU skal vere fylkesdekkande, lokale saker vert handsama av ungdomsråda i kommunane.

Tingsetet vert arrangert éin gong i året og representantane kjem frå ungdomsråda, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonane. Representantane kan vere mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen, partiet eller organisasjonen.

Alle ungdomar i fylket, i alderen mellom 13 og 23 år, kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av arbeidsorganet til FFU, ungdomspolitisk utval (UPU), i forkant av tinget og dei må vere UPU i hende minst éin månad før tingsetet. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker og saker det vil vere naturleg å ta opp. Saker kan sendast til Ungdomspolitiskutval@sfj.no.

Fylkesting for ungdom vert arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Arrangementet er rusfritt. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, både med omsyn til nattero og branntryggleik.

Informasjon til deltakarar og føresette

Samtykkeskjema til nedlasting

Alle deltakarar må sende inn signert samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU.

Praktisk informasjon

Sakspapir

Sakspapir blir lagt ut her innan fristen for utsending, 9. mars 2017.

Påmelding

Frist for påmelding er måndag 6. mars 2017. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

For meir informasjon

Guro Høyvik
rådgjevar
nærings- og  kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608 (993 65 299)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven