Landskap. Foto: Mona Elisabeth Steinsland

Fylkesspegelen

Fylkesspegel Sogn og Fjordane er ein felles nettstad for løpande statistikk og kunnskap om utviklinga i fylket.

Fylkesspegelen skal konsentrere seg om regionale problemstillingar, men også legge til rette for analysar av bu- og levekår og utfordringar kommunane møter. Difor må så mykje som mogleg av statistikken brytast ned på kommunenivå, og dette må gjerast tilgjengeleg.

Etter plan- og bygningslova skal fylkestinget minst èin gong i valperioden, og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein regional planstrategi. Føremålet med planstrategien er å setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i fylket.

Fylkesspegelen skal sjå på hovudtrekka i utviklinga i fylket innan viktige område som folketalsutvikling, flyttingar, bu- og arbeidsområde, næringsstruktur, nyskaping, landbruk, folkehelse, bu- og levekår, helse, arbeidsmarknad, kommunal tenesteyting, samferdsle og miljø/ressursar.

Fylkesspegelen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jo Tore Kristoffersen
Rådgjevar
Jo.Tore.Kristoffersen@sfj.no
415 68 944

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette