Skjermbilete av den nye nettsida til fylkesspegelen. Biletet syner ein meny med tittel statistikk etter tema.

Den nye Fylkesspegelen syner statistikk som tabellar, kart og diagram, noko som ikkje er mogleg i dagens løysing.

Fylkesspegelen i ny drakt

Fylkesspegelen inneheld statistikk for heile fylket om mange ulike tema. No har spegelen fått eit ansiktsløft og blir presentert i ny drakt torsdag 2. mars kl. 9–9.30.

Presentasjonen vert på Fylkeshuset i Leikanger. Her kan du sjå opptak av presentasjonen.

På lanseringa demonstrerer vi den nye løysinga og presenterer  

  • ei heilt ny teknisk statistikkløysning, som er utvikla gjennom FoU-prosjekt
  • mykje ny statistikk både på regionalt nivå og på kommunenivå

Den nye Fylkesspegelen er mykje meir publikumsvenleg enn forgjengaren og er enklare å navigere i. Statistikk vert vist som tabellar, kart og diagram, noko som ikkje er mogleg i den gamle løysinga.

Fylkesspegelen er eit nyttig verktøy for blant andre planleggjarar og andre fagpersonar i kommunane, fylkeskommunen, Nav eller hjå Fylkesmannen. Her finst ei mengd grundig statistikk på mange samfunnsområde, både på fylkesnivå og kommunevis. Blant tema er folketalsutvikling, kommuneøkonomi, opplæring, klima, helse og sysselsetjing.  

Den nye fylkesspegelen finn du her.

For meir informasjon

Jo Tore Kristoffersen
jo.tore.kristoffersen@sfj.no
415 68 944

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette