Foto av steinraset som gjekk utanfor Finnsåstunnelen mellom Fodnes og Årdalstangen i januar 2018. Vi ser store stein- og jordmassar og øydelagt autovern i framgrunnen. I bakgrunnen kan vi skimte tunnelopninga.

Foto: Olav Birger Hæreid

Status for fv. 53 i Årdal

Fv. 53 mellom Fodnes og Årdalstangen er no opna att, etter at eit større steinras har sperra vegen. Vegen vert i tida framover stengt i periodar på dagtid, på grunn av ryddings- og sikringsarbeid.

Fv. 53 opna att for fri ferdsle søndag 14. januar. Det står framleis att ein del ryddings- og sikringsarbeid. Frå måndag 15. januar innfører vegvesenet difor slik stenging av vegen på dagtid:

Kl. 09.00–12.00: Stengt
Kl. 12.00–12.30: Ope
Kl. 12.30–15.45: Stengt
KL. 15.45–09.00: Ope

NB. Arbeidet er måndag 15. januar innstilt pga. uvêr, og vegen er difor open for fri ferdsle heile denne dagen.

Det vert køyrt kolonne forbi rasstaden kl. 13.35 og kl. 14.40.

kringom.no finn du også oppdatert informasjon om bussruter til og frå Årdal.

For alltid oppdaterte trafikkmeldingar, sjå trafikkmeldingstenesta i Fylkesatlas eller nettstaden til vegvesenet.


 Foto av steinraset som gjekk utanfor Finnsåstunnelen mellom Fodnes og Årdalstangen i januar 2018. Vi ser store stein- og jordmassar og øydelagt autovern i framgrunnen. I bakgrunnen kan vi skimte tunnelopninga.
Foto: Statens vegvesen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no