For leverandørar

Denne sida inneheld informasjon retta mot verksemder som er, eller kan tenkje seg å bli, leverandørar for fylkeskommunen eller Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI).

Fakturering

Faktura til Sogn og Fjordane fylkeskommune inkludert alle einingar(Skular og tannhelse mm.) skal helst sendast som EHF faktura til vår aksesspunkt.
Faktura skal stilast til Sogn og Fjordane fylkeskommune og merkast med namn på eining som har bestilt,gjerne også namn på bestillar.

 

Organisasjonsnummer : 941388841  

ELMA adresse:                 9908:941388841

Fakturadresse:                 Sogn og Fjordane fylkeskommune

                                            Askedalen 2

                                            6863  Leikanger

 

Ehandel

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ferd med å innføre ehandel(eige bestillingssytem gjennom den ofentlege marknadsplassen) som føretrekt måte å sende bestilling på.

Dersom bestillar ønskjer å sende ein ordre via ehandel, vil leverandør få ein ordre på e-post med eit spesifisert ordrenummer som byrjar på 1200. Dette ordrenummeret skal påførast på EHF-fakturaen i feltet som heiter <OrderReference> i xml-filen.Sjå heimesida hos DIFI her for meir informasjon

 

Vil du selje til det offentlege?

Er du leverandør i det offentlige markedet, må du også kjenne spillereglene. Denne brosjyren vil hjelpe deg til å fokusere på strategisk viktige punkter i en konkurranse:

NHO sin rettleiar for korleis selge til offentleg sektor

Miljøsertifisering

For å stimulere til berekraftig utvikling er det oppretta ei tilskotsordning som skal stimulere både reiselivsbedrifter og andre små og mellomstore bedrifter til å bli miljøsertifiserte. Bedriftene kan søkja om tilskot på inntil 50 prosent av sertifiseringskostnadane, og maksimalt 20 000 kroner. Bedrifter som søkjer, gjer dette gjennom www.regionalforvaltning.no . Ordninga gjeld små og mellomstore bedrifter som ynskjer å miljøsertifisere seg. Tilskotsordninga gjeld for verksemder i Sogn og Fjordane fylke.

Kriterier for miljøsertifiseringsordninga

  • Ein kan berre få tilskot til sjølve sertifiseringsprosessen – kjøp av konsulenttenester, medlemsskap i sertifiseringsordningar og liknande. Midlane kan ikkje nytast til konkrete utbetringstiltak for å nå krava til miljøsertifisering.
  • Tilskotsordninga er retta mot små og mellomstore bedrifter /verksemder i næringslivet. Offentlege verksemder kan ikkje søke om støtte gjennom denne ordninga.
  • Miljøsertifiseringsordningar som gir grunnlag for støtte er:
  •  Miljøfyrtårn
  • Svanemerket
  • ISO 14001
  • EMAS
  • Debios Ø-merke for økologiske produkt
  • EUs offisielle miljømerke (Ecolabel)
  • Andre ordningar kan også bli vurderte ved førespurnad
  • Bedrifta må søkje om tilskot før ein startar opp med miljøsertifiseringa.
  •  Ved tildeling av tilskot kan heile beløpet bli utbetalt etter at bedrifta har sendt inn oppstartsmelding. Bedrifta må i etterkant av sertifiseringa oversende sertifikat/ rapport på godkjent og dokumentert sertifisering til fylkeskomunen. Dersom dette ikkje vert sendt inn, kan fylkeskommunen be om at midlane vert betalte tilbake.

Fylkeskommunen mottek ordninga via Regionalforvaltning, og vidaresender til  Innovasjon Norge for behandling.

Miljøfyrtårn

http://innkjop.btvregion.no/miljo/miljofyrtarnny.jpg

Føremålet med Miljøfyrtårn-programmet er å heve miljøprestasjon i private små- og mellomstore bedrifter og offentlege verksemder.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin sentraladministrasjon er  sertifisert. Det vert no utarbeidd om alle fylkeskommunale verksemder skal seritifierast.

 

 

Initiativ for etisk handel IEH

http://innkjop.btvregion.no/miljo/ieh.jpg
IEH er et ressursenter og pådrivar for etisk handel. Føremålet er samarbeid for handel som sikrar menneskerettar, arbeidstakarrettar,   utvikling og miljø. 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Katrine Røkke Wilson
innkjøpssjef
katrine.rokke.wilson@sfj.no
917 69 150

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven