Bilete av kulturminne i Sogn og Fjordane

Foto: Nina Susann Madsen

Føreslår å styrke kystregionen med eit kystråd

Strategisk plan for kysten skal stake ut kursen for vekst i kystregionen fram mot 2029. Utkastet til kyststrategi ligg no ute på høyring, med frist for innspel 24. april.

– Fylkeskommunen ynskjer å satse på kystnæringane. Difor har vi laga ein plan som peikar ut dei viktige satsingsområda. Målet med planen er å skape fleire arbeidsplassar og auke busetjinga på kysten, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Kommunane og næringane på kysten, i lag med fylkeskommunen, meiner særleg at meir forpliktande samarbeid og kartlegging av ressursane i kystsona er avgjerande for å nå målet om ein meir attraktiv kystregion.

Fire satsingar

Utkastet til kyststrategi peikar ut fire satsingar:

  • Etablere eit kystråd. Kystkommunane etablerer eit kystråd, der ordførarane sit i styret. Kystrådet skal jobbe for prioritering av kysten, og sikre merksemd om og oppfølging av felles satsingar lokalt og regionalt.
  • Ta styringa i kampen om sjøareala. Marin grunnkartlegging og marinbiologisk kartlegging vert fullført langs heile kysten av Sogn og Fjordane for å sikre oppdatert kunnskapsgrunnlag for felles eller samordna arealplanlegging mellom kommunane.
  • Knyte saman kysten med betre infrastruktur. Det må gjerast eit langsiktig arbeid for å realisere betre infrastruktur nord-sør, betre vilkåra for transport av personar og gods sjøvegen, og etablere betre digital infrastruktur.
  • Auke skaparkrafta og evna til nyskaping. Auka samarbeid på alle plan i næringsutviklingsarbeidet for å gi næringsaktørane betre tilgang til kompetanse og kapital, samt forståing for å gjere seg nytte av moglegheitene som finst.

Bed om innspel

– Dei viktigaste satsingane er at sentrale aktørar samordnar seg og blir samde om vegen vidare. For å nå målet om ein attraktiv kystregion må ein ha ein god og brei prosess for å saman bestemme seg for kvar ein vil, og kva ein må gjere for å komme seg dit, seier Synnøve Stalheim, plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Plansjefen minner om høyringsfrist for kyststrategien 24. april.

– Vi håpar mange brukar høvet til å kike på den strategiske planen, og spør seg sjølve om vi har fanga opp det viktigaste. Kva er det som betyr mest for framtida på kysten? Er det lagt vekt på dei viktigaste satsingane innanfor strategiområda, og er det satsingar som ikkje er fanga opp?, spør Stalheim.

Strategidokumenta ligg ute her: http://www.sfj.no/høyring Regional strategisk plan for kysten 2018-2029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette