2en 52qf 7zx

Sofie Vedvik

Energiforsyning

TEMAMÅL: Sogn og Fjordane bidreg aktivt til å auke delen fornybar energi

Hovudutfordringa innan energiforsyning er å bidra til overgangen frå fossil til fornybar energibruk innanfor sektorar som transport, industri, bygg og matproduksjon, å energieffektivisere både i bruk og produksjon, samtidig som ein har ei verdiskaping knytt til bruken av fornybar energi lokalt i fylket.

Fylket har god tilgang til fornybar energi gjennom vassressursane våre. Eitt av satsingsområda i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane er satsinga på fornybar energi. Hydrogen Region Sogn og Fjordane er eit av verdikjedeprosjekta som er sett i gong. Fylket stiller sterkt som «fornybar energi-fylke», og ressursane fylket sit på er viktig å forvalte på ein berekraftig og klima- og miljøvenleg måte. Etablering eller utviding av energianlegg medfører inngrep i naturen og tap av biologisk mangfald.

Klimaendringa betyr at energiforsyninga må tilpassast til dømes meir og intens nedbør. Endringar knytt til temperatur, nedbør, luftfuktigheit og vind vil påverka m.a. vassføringa i elvane våre, både med flaum og tørke.

Den mest klimavenlege energien er den som ikkje vert nytta, og det er viktig å sjå på korleis energien kan brukast meir effektivt. Energieffektiviseringa bør bidra til å erstatte fossil energi, ikkje til å auke forbruket ein annan stad.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert to utfordringar innan energiforsyning:

  • Auka produksjon av fornybar energi er ikkje løysinga åleine.
  • Naturinngrep ved etablering av energianlegg må sjåast i eit heilskapleg perspektiv.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette