9.-klassingar på vitjing hjå Mo og Øyrane vidaregåandeskule, ein elev viser fram noko på ein dataskjerm

Overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring står sentralt i Drømmeskolen-programmet. Her er niandeklassingar på besøk hjå Mo og Øyrane vgs. Foto: Magne Sellevold/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Draumesatsing for vgs-elevar

Sogn og Fjordane er plukka ut av kunnskapsdepartementet til å prøve ut tiltak som betrar læringsmiljøet og hindrar fråfall i vidaregåande opplæring. Forskarar vil måle effekten undervegs.

Prosjektet startar skuleåret 2016-17 og varer i tre år. Tiltaka skal gjennomførast i tett samarbeid med forskarar frå Hemil-senteret (UiB), Nordlandsforskning, Oxford Research og organisasjonen Vaksne for barn. Saman med Sogn og Fjordane er Troms, Nordland og Hordaland med på satsinga.

Prosjektet rommar fleire tiltak.

Drømmeskolen er eit helsefremjande program, med overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring i sentrum. Programmet er utvikla av Voksne for barn og er ein del av Helsedirektoratet si satsing på «psykisk helse i skolen».

Nærværsteam er retta mot oppfølging av ungdom som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring, og ikkje kvalifiserer seg for arbeidslivet. Målet er å skape gode overgangar til neste trinn i opplæringa, få ned elevfråvær og å auke motivasjonen for å fullføre og prestere fagleg. Nærværsteamet vil vere fleirfagleg samansett.

Mo og Øyrane, Hafstad, Firda og Eid vidaregåande skular tek del i forskinga. Skulane vil i løpet av prosjektperioden bli tett følgd opp av forskarane.

Meir om tiltaka:

  • Program for betre gjennomføring vil bruke forsking for å prøve ut tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
  • Drømmeskolen er eit helsefremjande og skuleomfattande program for ungdoms- og vidaregåande skule som skal fremje elevane si psykiske helse og medverke til å skape eit godt læringsmiljø
  • Nærværsteam er eit tiltak for å hindre fråfall blant unge som står i fare for å falle ut av vidaregåande skule.

 

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
Assisterande fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

Kenth Rune Teigen Måren
Teamleiar
Kenth.Rune.Teigen.Maren@sfj.no
415 30 971

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven