Det enkle kjøp

Her finn du ei enkel «kokebok» for korleis gjere innkjøp. Vi presenterer grunnleggande reglar og prinsipp for det enkle kjøp, til hjelp for deg som gjer innkjøp i fylkeskommunen og i SFFI.  
Du finn òg malar og lenker til meir informasjon. 

innkjøp_det enkle kjøp.jpg

Klikk på figuren for meir informasjon.

 

Ein innkjøpsprosess kan delast i fasar, eit innkjøpshjul. Fasane er reflekterte i lenkene til høgre på denne sida. Vurderer du å gjere eit innkjøp av varer eller tenester utanfor eksisterande rammeavtalar, finn du meir informasjon om framgangsmåte på sidene Behov, Marknad og Konkurranse under fana Det enkle kjøp i menyen til høgre.

Dei grunnleggjande prinsippa som gjeld alle kjøp under 100 000 eks mva, er:

1. Konkurranse

  • Gjeld frå fyrste krone
  • Målet er ein effektiv offentleg sektor
  • Nokre unntak, til dømes kunst, pedagogiske føremål, berre ein leverandør

2. Forholdsmessigheit

  • Gjennomføre konkurranse som står i forhold til innkjøpet. Jo større innkjøp, jo større krav til konkurranse

3. God forretningsskikk

  • Forsvarleg og sakleg sakshandsaming på ein økonomisk ressurseffektiv måte
  • Andre nøkkelord: habilitet, opplysningsplikt, teieplikt, reglar om gjennomføring av forhandlingar

4. Likehandsaming av leverandørar

  • Leverandørar skal ikkje verte diskriminert grunna nasjonalitet
  • Ikkje lov med skjult forskjellsbehandling til dømes med krav om lokal tilhørighet

5. Føreseieleg

  • Nøkkelord: lik informasjon

6. Etterprovbar og gjennomsiktlig prosess

  • Nøkkelord: dokumentasjon


Ta omsyn til livssykluskostnadar, universell utforming og miljømessige konsekvensar.

(Det finst unnatak – dei vil ikkje bli behandla på desse sidene.)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven